Kultur | 03. jan. 2011

Held fram med kino

Bygdekinoen i gong etter nyttår: Nore Neset held fram etter prøveordning i haust.

Held fram med kino
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. jan. 2011 07:51

Trass i at Os ligg ein liten time med bil frå Bergen Kino er bygdekinoen i Fjellheim blant Noregs best besøkte bygdekinoar.

I tillegg til kino annakvar fredag i Fjellheim hat Bygdekinoen framsyning i ungdomshuset Alvheim i Nordstrøno og i Nore Neset Aktivitetshus éin gong i månaden.

- Vi tok initiativ til ei prøveordning i haust, som eit tilbod spesielt til dei yngste i krinsen, som ikkje kjem seg så ofte på kino i by´n, seier dagleg leiar i Nore Neset Aktivitetshus, Karin Bøyum.

Fekk halda fram
Første vising var veldig vellukka, 126 møtte fram for å sjå Knerten gifter seg i Symrasalen.

- Vi hadde berre to framsyningar i haust. Den andre, då Harry Potter sto på plakaten, lokka berre 30 på bygdekino. Men då hadde den filmen også gått ei stund.

Bøyum har spurt kulturkontoret i Os kommune om å få halda fram med kino og fått lov til å få Bygdekinoen på besøk éin gong i månaden gjennom heile 2011.

Narnia og Cornelis først ut
Bygdekinoen er på banen allereie den første veka i januar. Først ut er Nordstrøno tysdag 4. januar, så Fjellheim 7. januar og til slutt Nore Neset Aktivitetshus måndag 10. januar.

Alle tre viser dei to filmane Legenden om Narnia - Reisen til det ytterste hav og Cornelis.

Reisen til det ytterste hav er Narnia er basert på den tredje boka til C.S Lewis, i ein serie av sju bøker totalt. Bøkene blei gjeve ut første gong i perioden 1950 til 1956 og har lenge blitt sett på som eit av litteraturens mest fantasifulle verk.

Cornelis er ein film om ei av Nordens aller største musikklegender - Cornelis Vreeswijk. Livet til Cornelis var eit hardt kunstnarliv som byrja på nytt like mange gongar som det havarerte.

I hovudrolla som visesongeren Vreeswijk møter vi norske Hans-Erik Dyvik Husby, alias Hank von Helvete, best kjent som songer og frontfigur i bandet Turboneger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.