- 01. juli 2020

Held konfirmasjon helga før advent

Årets humanistiske konformasjonar blir svært seint på året.

Det blir neppe full blomst under årets humistiske konfirmasjonar i Oseana - men dei blir gjennomførte før året er omme. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2020 11:19

Tysdag 17. mars, fem dagar etter at dei strengaste smitteverntiltaka mot koronaviruset blei annonsert av regjeringa, gjekk både kyrkja og Human-Etisk Forbund ut og utsette vårens konfirmasjonar.

Os kyrkjelyd skisserte nye datoar same dag, datoar som har blitt ståande:

Konfirmantar som var sett opp 2. og 3. mai er flytta til 5. og 6. september.
Konfirmantar som var sett opp 9. og 10. mai er flytta til 12. og 13. september.

Midtsiden kjem i sommar med liste over alle konfirmantane i Os kyrkje og Nore Neset kyrkje.

Human-Etisk Forbund sa at vårens konfirmasjonar var avlyste, men det har heile tida vore ambisjonar om å gjennomføra dei i år.

– Vi har funne nye datoar. Det var ønskje om å ha seremoniane i Oseana trass utsetjinga, og der var det ikkje ledig før seint på hausten, fortel Magnhild Marie Bøe-Hansen.

Årets første humanetiske konfirmasjon i Oseana blir arrangert søndag 8. november, to dagar etter at kulturhuset byr på standupshowet «Gi litt mer f*en» med Tommy Steine.

Den andre av to konfirmasjonar i Oseana i år er søndag 22. november. Dette er dagen etter foredraget «Livet er et usikkert prosjekt» med Ingvard Wilhelmsen, og den siste søndagen før dei kristne markerer første søndag i advent.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.