Næringsliv | 04. aug. 2011

Held minnestund i butikkane

Alle Kiwi-butikkane i Noreg stenger éin time under gravferda til Kiwi-gründar Per-Erik Burud og kona Anita torsdag.

Held minnestund i butikkane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. aug. 2011 08:07

Mellom klokka 12 og 13 torsdag, under gravferda til ekteparet Burud, held alle Kiwi-butikkane i Noreg stengt.

– Eg fekk sjokk då eg høyrte at han var sakna. Per-Erik var ein vi såg opp til og respekterte, han kjem til å bli sakna, seier butikksjef på Kiwi Moberg, Trine Bjørkhaug Dyke.

Kiwi-gründaren og kona hans Anita omkom i ei båtulykke på Tjøme 13. juli. Eit vennepar av familien var også om bord i båten. 41 år gamle Asbjørn Aasheim klarte å symja til land for å varsla om ulykka, kona hans blei funnen død i sjøen.

– Burud var energisk og livleg, akkurat som på TV-reklamane. Han var fleire gongar på besøk i butikken på Haugsneset, og skulle besøka nyebutikken på Moberg før sommaren, men rakk det ikkje før ferien starta, fortel Dyke.

I dag vil dei tilsette tenna lys og halda ei lita lokal minnestund medan butikkane er stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.