Fotball | 08. des. 2019

Held på favorittstempelet

Dette trur oddssetjarane om Os og Lysekloster i 2020.

Held på favorittstempelet
Lysekloster tok 2. plass i år og er klar favoritt til opprykk i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. des. 2019 20:18

Under cupfinaleseminaret laurdag blei Norsk Tipping-ligaen sine avdelingsoppsett for 2020 gjort offentleg. Nye motstandarar for klubbane frå Os, i forhold til årets sesong, blir Bjarg, Sandviken, Årdal, Frigg, Lyn 1896 og Ready. Det blir tre langreiste bortekampar i Sogn og Fjordane (Vestland) og tre på Austlandet.

Både Os og Lysekloster har hamna i avdeling 4 neste år.

Speleselskapet Coolbet held Lysekloster som endå klarare favoritt i 2020 enn i 2019 (3.00 i år, 2.65 i 2020).

– På papiret ser avdelinga veldig spennande ut. Vi er spesielt spente på kor gode hovudstadlaga Frigg og Lyn eigentleg er, seier pressetalsmann Mikael Mellqvist fra Coolbet.com.

– Men vi held Lysekloster som klar favoritt! legg han til.

Coolbet meiner Os ser ut som eit lag midt på tabellen.

– Med ei forsterking eller to kan dei klatra nokre hakk.

Samtidig har dei auka tru på Fana og lite tru på Bjarg og Sandviken.

Vinnarodds frå Coolbet: Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 2020:
Lysekloster: 2.65
Lyn: 5.00
Fana: 5.00
Frigg: 7.00
Fyllingsdalen: 7.00
Stord: 20.00
Ready: 30.00
Brann 2: 50.00
Os: 50.00
Sogndal 2: 65.00
Sandviken: 100.00
Årdal: 100.00
Bjarg: 100.00
Fjøra: 100.00

Trefte godt i førre sesong

Tre speleselskap, inkludert Coolbet, tippa at Lysekloster kom til å kjempa mot Vard Haugesund og Fyllingsdalen om opprykk i 2019.

Fasiten blei comeback i 2. divisjon på kortast mogleg tid for Vard Haugesund, med Lysekloster på 2. plass 9 poeng bak. Nyopprykka til 3. divisjon, Djerv 1919, overraska med 3. plass, mens Fyllingsdalen og Fana kom på dei neste plassane.

Os landa på 11. plass 7 poeng framfor Vestfossen, som rykte ned, og 2 poeng bak Fjøra, som i 2020 blir spådd nedrykk til 4. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.