Næringsliv | 05. mai 2010

Held røyra reine

Nærmast i sinne kom Kjetil Engelsen på ei løysing på ei utfordring han og andre røyrleggarar ofte møter på. Saman med Atle Heggland har han no utvikla 13 produkt.

Held røyra reine
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2010 09:25

- Eg var på fjellet då Atle ringte meg og fortalte at anlegget vi hadde levert i Fana måtte spylast på nytt. Røyra var reine då vi gjekk frå jobben, men då asfalten blei lagt så blei det sølt så mykje ned i kummane at oppdragsgjevar underkjente og kravde ny spyling av røyr og kummar i det store anlegget.

Hovudentreprenøren måtte ta rekninga, men Engelsen var lei av nok ein gong å gjera same jobben to gongar.

- I bilen på veg heim frå hytta dukka ideen opp. Eg svinga inn på ein haldeplass og byrja å teikna.

Tettar med duk
Når drenering med kum og røyr blir lagt ut på ei tomt er det både røyr som stikk opp, som seinare skal kuttast og få lokk i plan med bakken, og ferdige kummar som blir delvis demontert når asfalt skal leggast.

For begge typar opningar er det fare for at det kjem grus, småstein og anna rusk nedi, både i byggetida og i perioden mellom røyrleggarane si ferdigstilling og siste hand på verket; asfalteringa.

- For å hindra dette kom eg på at ein drenerande duk med enkel festeordning kunne vera løysinga. Etter at eg og Atle hadde prøvd ut ulike typar materialar fann vi ei løysing som verkeleg fungerer.

Patent og fleire produkt
Ideen om duken kom hausten 2008. I fjor blei prototype produsert og testa ut og no er både patent og 500.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge på plass.

- Parallelt med førebuingar for produksjon og sal av den første duken har vi utvikla fleire produkt i same gate, for ulike røyrtypar og dimensjonar. Vi har også laga eit isolerande lokk, for å hindra at kulda slår ned i bakken, og sandfangar, som for eksempel er god å ha i kummar i barnehagar og nær kunstgrasbanar.

Produksjon på Tysnes
Atle og Kjetil oppretta selskapet AK Produkter AS med like eigardelar, og avtalte produksjon med Tysnes Industrier. Salet er godt i gong og selskapet er i ferd med å utvida talet på forhandlarar, både i Noreg, Sverige og Danmark.

- Sjølv om dette er produkt som løyser aktuelle, velkjente utfordringar, og som raskt gjev innsparingar, kan vi ikkje setja kven som helst til å selja det. Handverkarar generelt liker å følgja gamle rutinar, og sjølv om vi får god respons når vi viser produkta, venter enkelte til dei har opplevd ein gong til at dei burde hatt AK Duken før dei kjem springane og bestiller.

Forhandlar i Nord Noreg er på plass og AK Produkter er i dialog med potensiell importør både i Sverige og Danmark.

Dei første kundane
Rekordvinteren gav det nyutvikla iso-lokket ein god start. Fleire kommunar har handla inn, og etter kvart utvida bestillinga, frosne kummar i sentrale område var til og med eit problem heilt vest i øykommunen Solund, som er ein av kundane.

Fleire kommunar og barnehagar er blant dei første kundane, men vi har fleire private firma som kundar også, blant anna her i Os.

Røyrleggar Stig Nilsen er blant dei. I eit tomtefelt på Lekven har han rundt 30 dukar av ulike typar i bruk. Etter at han anlegget er ferdig kan han ta med seg dukane og bruka dei på nytt.

- Klart eg måtte prøva dette produktet. Investeringa er liten og gevinsten og tryggleiken stor, seier Nilsen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.