Sport | 18. feb. 2011

Held seg i 2. div.

Tre klubbar utanom Os viste interesse for Vegard Leikvoll Moberg. No har han bestemt seg for kvar han vil spela.

Held seg i 2. div.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. feb. 2011 22:26

Os rykte ned til 3. divisjon i haust, men Vegard Leikvoll Moberg blir verande i 2. divisjon.

- Eg har takka ja til tilbodet frå Åsane, seier Vegard Leikvoll Moberg til Midtsiden.no fredag.

Etter prøvespel for Adeccoliga-klubbane Mjøndalen og Løv-Ham viste Åsane interesse for fjorårets toppskårar på Os.

- Dialogen starta for to veker sidan. Eg har no vore på trening i Åsane tre gongar, måndag skriv eg kontrakt.

Mjøndalen på banen igjen

Etter prøvespel og vellukka treningskamp for Mjøndalen før jul kom Vegard heim til Vestlandet for å feira jul. Over nyttår blei det prøvespel for Løv-Ham, som valte å takka nei til den hengande spissen frå Os.

- Eg heldt ikkje dialogen varm med Mjøndalen, men no i det siste viste dei at dei framleis var interesserte. Dessverre var tilbodet dei kom med til Os Turn så dårleg at dei takka nei til det.

Medan Os fekk rundt 100.000 kroner i utdanningskompensasjon då Mats Cato Moldskred gjekk til Løv-Ham for nokre år sidan, skal Mjøndalen ha kome med ein langt lågare sum, og med utbetaling først etter 25 spelte obligatoriske kampar.

Nest-Sotra skal også ha vist interesse for Vegard, men ikkje nok til at det blei konkrete samtalar av det.

- Eit vanskeleg val

Leikvoll Moberg seier han synes det var vanskeleg å velja seg vekk frå Os, men at divisjonsforskjellen lokka.

- Det er i Os eg har lært det eg kan og det er i Os eg har kameratane mine. Men eg har eit godt inntrykk av Åsane og er interessert i å spela på høgast mogleg nivå.

Vegard slår med det følgje med høgreback Anders Glesnes, som også gjekk frå Os til Åsane i vinter.

Med mindre Os møter Åsane i cupen blir ikkje Leikvoll Moberg å sjå i fotballdrakt på Kuventræ denne sesongen.

Kampoppsettet for 2. divisjon avdeling 3 er ikkje offentleggjort, men her er laga Åsane møter i serien i år: Austevol, Viking 2, Mandalskameratene, Nest-Sotra, Ålgård, Vard Haugesund, Vidar, Flekkerøy, Vindbjart, Pors Grenland, ODD Grenland 2, Notodden og Førde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.