Lokal | 27. okt. 2014

Held trøkket oppe

55 representantar frå entreprenørar i inn- og utland stilte då vegvesenet inviterte til informasjonsmøte om E39 Svegatjørn-Rådal.

Held trøkket oppe
Anslagsvis 30 selskap var representert då prosjektleiar i Statens Vegvesen Arne Eltvik inviterte til infomøte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 27. okt. 2014 14:42

Bildeserie:

Kari Bremnes blir byggeleiar for strekninga Svegatjørn - Fanavegen (foto: AH)
Kari Bremnes blir byggeleiar for strekninga Svegatjørn - Fanavegen (foto: AH)
Knut Langeland blir byggeleiar for Rådal-Nordås-Flyplassvegen (Foto: Andris Hamre)
Knut Langeland blir byggeleiar for Rådal-Nordås-Flyplassvegen (Foto: Andris Hamre)
1 av 2
Kari Bremnes blir byggeleiar for strekninga Svegatjørn - Fanavegen (foto: AH)
Knut Langeland blir byggeleiar for Rådal-Nordås-Flyplassvegen (Foto: Andris Hamre)

Framleis må byråkratane i Statens vegvesen venta på den politiske handsaminga av nyevegen mellom Os og Bergen. Men å ligga på latsida gjer dei ikkje.

Måndag inviterte prosjektleiar Arne Eltvik til informasjonsmøte for interesserte entreprenørar frå inn- og utland.

– Det er viktig å presisera at dette er eit informasjonsmøte og ikkje ein tilbodskonferanse. Det kan difor vera spørsmål vi ikkje kan eller vil svara på i dag, fortalde prosjektleiaren til dei frammøtte.

Jaktar lågast pris

Eltvik håper at vegvesenet like før eller etter jul kan gå ut med anbodspapira og at entreprenørane då kan byrja å rekna på tilboda sine.

– Vi kjem til å gje litt lengre frist enn det som er krava. Vi kjem òg til å samkøyra oss med andre store samferdselsprosjekt slik at ikkje alle får same tidsfrist, forsikra Eltvik.

Sjølv om HMS, kvalitet og miljø er viktige prioriteringar for vegvesenet, så er det den som leverer lågast pris som får oppdraget, gitt at kvalifikasjoner og formalitetar er i orden.

– Det er molgeg å ta atterhald om ein er lågast i pris på begge entreprisene og ein ikkje har kapasitet til å gjennomføra begge. Då er det byggherren som vel fritt ein av desse, forklarte Eltvik.

Ein av dei største i historia

Vegvesenet har delt prosjektet i to store entreprisar. K10 femnar om strekninga Svegatjørn - Fanavegen medan K11 omfattar Rådal - Nordås - Flyplassvegen. Kari Bremnes vil vera byggeleiar for K10, medan Knut Langeland skal styra K11.

– Dette vil truleg bli ein av dei største vegkontraktane i Noreg si historie, det vil vera stort mediefokus på prosjektet, de får visa at de er kapable til å ivareta augestikkarar og andre verna dyrearter, og våtmarksområder i Endelausemarka, og sikra ei høg sysselsetting over fleire år, lista Bremnes opp, då ho skulle fortelja entreprenørane om kva moglegheiter entreprisen gjev.

Entreprisen omfattar dagsone i Svegatjørn og Endelausemarka, Skogafjelltunnelen, Lyshorntunnelen, ein vatntunell og tverrslag på Hamre for å driva Lyshorntunnelen frå to sider.

Totalt skal det i K10 byggast 23,1 km tunnel, seks tunnelportalar, fire bruer og om lag 3,5 km veg med to to-planskryss i dagen (Svegatjørn og Endelausemarka).

To år på seg

Totalt skal entreprenøren som får oppdraget sprenga 1,6 millionar kubikk faste masser frå dei to tunnelane (to løp med to felt i kvar tunnel, journ.mrk).

– Det er ei eiga entreprise for elektroarbeida. For å gje dei ei fornuftig framdrift vil vi i anbodsgrunnlaget gje frister for når delar av tunnelane må ha tilkomst for elektro.

– Skogafjelltunnelen er den første cirka to år etter anleggsstart, forklarte byggeleiaren, som ser for seg opning av entreprisen tidleg i 2021.

I tillegg til dei tre entreprisane vil det koma eigne entrepriser på støytiltak på Nordås, Rådal, Skjold sør og Skjold Nord.

Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har frist til å gje si innstilling til stortinget 4. november. Forhåpentlegvis kan saka bli avklart i løpet av november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.