Sport | 11. juni 2017

Heldt nesten heilt inn

Bergen-Voss: – Hadde eg klart et eg prøvde på, så hadde det nesten vore for godt til å vera sant, seier Brattabø.

Heldt nesten heilt inn
Lars Erlend Brattabø freista seg på ein frekkis og gjekk i brot under Bergen-Voss laurdag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 11. juni 2017 10:07

Over 1.700 syklistar sykla laurdag det populære rittet Bergen-Voss. I første rekke av syklistar var osingen Lars Erlend Brattabø.

– Løpet utvikla seg som det plar i starten. Samla på tørre og fine vegar fram til Trengereid. Opp til Gulbotn skjer det som alltid skjer. Feltet sprekk opp og det blir ulike grupper. Denne gangen var eg så heldig at eg fekk vera med dei beste vidare, fortel Brattabø, som syklar for Bergen Cykleklubb.

– Heldig? Du må vel ha vore dyktig òg?

– Jo, det gjekk overraskande lett oppover i går. Eg trur òg at tempoet var litt lågare enn det har vore tidlegare år, «unnskylder» Brattabø seg med.

Skjønte dei måtte stikka

Å sitja i leiargruppa blei ei ny oppleving for den spreke 52-åringen.

– Det var mange aktive syklistar som køyrer mykje konkurransar som sat i denne gruppa. Vanlegvis er eg van med å køyra roleg i bakkane og raskare på flatene. Men i går var det motsett. Dei trøkte til i motbakkane for å kvitta seg med daudkjøttet.

– Eg og ein tungvektar til skjønte at vi kom til å dette av i Skjervet om vi ikkje gjorde noko, så vi stakk litt før Granvin for å få ei luke. Eg visste at om eg ikkje blei henta inn att før på toppen av Skjervet, så skulle eg klara å henga med heilt inn.

– Diverre kom gruppa som seinare kom ført i mål i ein forrykande fart då det var 3-400 meter att til toppen av bakken. Eg hadde ikkje sjanse til å henga meg på dei.

Kjempenøgd

Brattabø fortel at om han hadde hatt 10-15 sekund meir i forsprang i botn av bakken, så kunne det blitt eit heilt eventyrleg resultat.

– Hadde eg klart det eg prøvde på, så hadde det vore for godt til å vera sant. No blei det 15. plass, 1.18 bak vinnargruppa. Det er eg kjempenøgd med.

Brattabø blei også klassevinnar i M50-59 saman med Gunnleiv Gjøsæter frå Bømlo.

Lite samarbeid

4.18.40 er ikkje Brattabø si raskaste til på Bergen-Voss.

– Eg har sykla raskare før. Eg trur tida mi både i fjor og forfjor var betre, men dei som sat i leiargruppa var ikkje interesserte i å sykla fortast mogleg, men å koma først over mål.

– Det var det som gjorde at vi klarte å stikke då vi gjorde også. Det gikk ganske seint inne ved Kvandal. Det blei lite samarbeid og mykje luresykling i gruppa då. Mykje meir enn eg er vant til frå gruppene lengre bak i Bergen-Voss. Der handler det oftare om å samarbeide for å få ei god tid, avslutter Brattabø.

5. plass til Bremnes

Siri Bremnes frå CK Henie blei den raskaste lokale deltakaren i kvinneklassa. Ho sykla inn til 33.plass samanlagt og til 5. plass i klassa for kvinner 20-29 år med tida 5.47.18.

Av andre lokale syklistar som deltok finn vi CK Henie-syklistane, plassering i aktuell klasse i parentes:

Samund Nordang - 4.24.36 (14)
Rune Sævareid - 4.33.30 (32)
Johannes Råen - 4.56.03 (42)
Øystei Tveit - 5.00.19 (124)
Ørjan Tislevoll - 5.22.41 (129)
Per Moss - 5.35.25 (37)
Kjell Røttingen - 5.35.25 (187)
Kjell Arne Vaka - 5.39.40 (201)
Øyvind Blindheim - 5.42.46 (209)
Kjetil Johannessen - 5.43.43 (299)
Siri Bremnes - 5.47.18 (5)
Morten J Areklett - 6.20.03 (409)
Tone Linn Knutsson - 6.26.14 (20)
Robert Solberg - 6.37.04 (441)
Jan Haugland - 7.30.02 (19)
Rune Søreide - 7.30.12 (124)
Ivar Martin Dale - 7.30.33 (125)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.