Kultur | 23. juli 2012

Heldt "tidenes konsert i Molde"

Marius Neset og Trondheim Jazzorkester får fantastiske kritikkar for konserten under Moldejazz.

Heldt "tidenes konsert i Molde"
Marius Neset. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. juli 2012 19:42

I førre veke leverte osingen og saksofonisten Marius Neset bestillingsverket sitt frå Moldejazz.

Les òg: Leverer verket i kveld

– Det var utruleg gøy og det gjekk overraskande bra, seier Marius til Midtsiden.

Han er ikkje den einaste som synes konserten var vellukka:

"Marius Neset fikk Trondheim Jazzorkester til å overgå seg selv. Det er en bragd av de sjeldne (...) Neset er en musiker med en sjelden energi, og den smittet over på de elleve musikerne i bandet. Han spilte en rekke strålende soloer og fikk resten av ensemblet til å overgå seg selv." skriv Adressa.no.

"Marius Neset og Trondheim Jazzorkester heldt tidenes konsert i Molde (...) Den stigande intensiteten som alltid har prega Marius Nesets musikk vart opnande til heile bandet vart sugd inn i eit musikalsk felt der solistar kom og gjekk, med temposkifte frå det forrykande til det vedunderlege" skriv Dagsavisen.no.

""Strålende som bestilt (...) fram til de siste saksofonistiske erupsjoner fra Neset ble konserten en fest av kreativt, pulserende ensemblespill og helhjertete soli fra samtlige medvirkende" skriv Dagbladet.no.

– Det er veldig hyggeleg med sånn respons, både av publikum og av presse, synes Neset.

CD og turné

Framføringa av det rundt 80 minutt lange bestillingsverket er berre starten på noko meir - musikken skal ut til fleire.

– No blir det truleg CD av konserten. Og det blir turné med meg og resten av orkesteret i 2013. Då håper eg at Bergen står på plakaten, seier Marius.

Ny musikk, nytt album og turné i Asia

Etter ein tettpakka vår med turné med eige band og plate nummer fire med JazzKamikaze, parallelt med førebuingar til Moldejazz, har Neset rydda plass på timeplanen i haust.

– Eg skal spela nokre konsertar med bandet mitt, men får også tid til å laga ny musikk.

I september kjem han på plate med Daniel Herskedal, i februar kjem album nummer to frå Marius Neset sitt eige band, Golden Xplosion.

– Og i desember blir det kanskje turné i Asia med JazzKamikaze, seier Marius om det "rolege" halvåret han går imøte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.