Helga i Os: Rock, humor og handball
Her er noko av det som kan underhalda deg dei neste dagane.
Ny, fast spalte kvar torsdag/fredag: Tett med ønskje om førehandsomtale av ulike arrangement gjer at vi i tida som kjem vil samla dette i éi oversikt - både for at vi skal få plass til flest mogleg, og for at du som lesar skal få ein oversikteleg inngang på helga. Har du arrangement som bør inn neste veke - send til tips@midtsiden.no.
Denne helga byr på alt frå festkveld for og av kulturlivet i Bjørnafjorden kommune fredag kveld til handballdamene sitt forsøk på å ta sin femte siger på rad på heimebane laurdag ettermiddag.
Face 2 Face speler på Baronessen, Verdiløse Menn på Liens. I Oseana er det standup med Ørjan Burøe laurdag.
Sport
Handball, 3. divisjon, kvinner, Os Idrettspark:
Laurdag 7. mars kl 17.40: Os - Bjørnar
Handballdamene til Os er i støtet om dagen, og har fire sigrar på rad bak seg. Borte mot Bjørnar hadde Os sin sterkaste kamp for hausten, og leia med 3 mål då det sto 4 minutt igjen. I morgon vil eit formsterkt Os ha revansje.
Fotball, 5. divisjon, treningskamp:
Laurdag 7. mars kl 14.00, Kuventræ: Os 2 -Søre-Neset
Nyopprykka Søre Neset tapte 2-4 heime for Os i treningskamp tidlegare i vinter. I morgon møter dei ungdomane på Os 2 igjen, denne gong på Kuventræ.
Uteliv
Liens Kafé og Musikkbar:
Laurdag 7. mars frå kl 22: Verdiløse Menn
Inngang kr 150
Verdiløse Menn er en glad kompisgjeng med base i Lysefjorden. Dei speler norsk rock av Jokke og Valentinerne, men òg av andre kjente norske band, som Dumdum Boys, Madrugada, CC Cowboys, Raga Rockers med fleire. Sist dei spelte på Liens blei det fullt hus og rekord i baren!
Baronessen:
Lørdag 7. mars kl 21 - 01: Face 2 Face med Leif Østrem og Trond Pedersen
Inngang kr 150
Aldersgrense: 25 år
Catten Nightclub:
Quiz kvar torsdag frå kl 20. DJ Tom fredag 6/3.
Sportsbaren viser fleire kampar, gjerne på same tid, på fleire skjermar.
Her er to av dei vi reknar med vil dra publikum denne helga:
Laurdag 7/3 kl 13.30: Liverpool - AFC Bournemouth
Søndag 8/3 kl 17.30: Manchester United - Manchester City
Oseana
Fredag 6. mars kl 19: Festkveld for Bjørnafjorden
Inngang kr 100 (i skrivande stund færre enn 20 billettar igjen)
Lørdag 7. mars kl 19: Standup med Ørjan Burøe: Store gutter gråter ikke
Inngang kr 425 (i skrivande stund over 250 ledige billettar)