Lokal | 14. okt. 2015

Helikopterøving utanfor Os

Sjøforsvaret med KNM Roald Amundsen nyttar Bjørnafjorden for å drilla mottak av helikoptre.

Helikopterøving utanfor Os
Mannskapet på KNM Roald Amundsen tek ned eitt helikopter frå Airlift (Foto: Mats Hjelmeland/ Sjøforsvaret)
Andris Hamreonsdag 14. okt. 2015 11:15

Onsdag ligg fregatten KNM Roald Amundsen i Bjørnafjorden utanfor Os for å øva nedtaking av helikoptre.

Øvinga er ei samarbeidsøving med det sivile heilkopterselskapet Airlift AS.

– Alle fartøy som skal driva helikopteroperasjonar må ein gong om året bli mønstra. Då blir heile organisasjonen ombord testa for å sjå om nivået er godt nok for å kunne operera helikoptre på ein kontrollert og sikker måte, fortel sjøforsvaret i ei melding.

Får snart nye helikoptre

Sjøforsvaret er i ein prosess kor dei skal skifta ut dei gamle Lynx-heikoptra med dei nye NH90-helikoptra som kan dekkje større områder og har betre utstyr for å identifisera fartøy og for å bekjempa ubåtar. Øvinga er ei viktig lekk i den prosessen.

– I samband med at det nærmar seg innrulleringa av dei nye NH90-helikoptra er det viktig at rutinene sit hjå bemanninga, heiter det i meldinga.

NH90-helikoptra skal mellomanna nyttast av kystvakta og på forsvaret sine fregattar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.