Lokal | 26. juli 2009
Hell i uhell
Mannskapet kom uskadd frå det overraskande møtet med Raudholmane i natt. Båten gjekk det heller ikkje så gale med. (Oppdatert)


Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. juli 2009 12:11
Klokka 01.23 natt til sundag fekk politiet melding om båt på land, på Raudholmane rett utanfor Kuvågen og Os sentrum.
- To menn var om bord, og begge kom uskadd frå grunnstøytinga, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Erik Gjesdal.
Båten ser ut til å vera ein rett over 20 fot stor Mørebas, og har ein 115 hk Yamaha påhengsmotor.
Verken motor eller Båt ser ut til å ha fått særleg store skadar i samanstøyten.
Under kan du sjå fleire bilde av båten. Sundag ettermiddag supplerte vi med bilde frå redningsarbeidet.