Hengar i havsnød
Vinden tok tak i mykje i helga - også i Lysefjorden.

Uvêret Gyda herja ikkje like mykje i Os som andre stadar, men heller ikkje vi slapp unna.
Ei velta høgspentmast på Skorpo førte til eit stort straumbrot, minst tre båtar fekk problem, og trampoline, skilt og lysthus har blitt skadd ulike stadar ibygda.
I Lysefjorden, nær krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen, hamna ein skaphengar i sjøen.
– Det har truleg skjedd rundt midnatt eller i løpet av natt til søndag, seier vitne.
Det er grunt på staden, så både hjul og hengarfeste stakk opp.
Dekorert med delikatesser frå Ole B blei hengaren i 12-tida i går løfta opp av ei lengre og kraftigare krabbeklo frå Drange Kran og Transport AS.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.