Sport | 02. des. 2012

Henning Solberg kjem til Os

Are Salomonsen har selt Bilglass Bergen. Ny eigar, Hurtigruta Carglass, inviterer deg no til å konkurrera mot Henning Solberg - på Os, i playstation!

Henning Solberg kjem til Os
Are Salomonsen (t.v.) saman med kollega Ruben Tveit i Hurtigruta Carglass. Henning Solberg, som kjem til Os torsdag, innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. des. 2012 10:21

I midten av juli i år opna Bilglass Bergen avdeling i Os. I lokalet ved Europris i Amfisenteret blei det travelt frå første dag.

Les òg: God start for Bilglass Bergen

– Vi er veldig nøgd med avdelinga vår her på Os, men bransjen er litt spesiell, sa Are Salomonsen til Midtsiden på fredag.

Salomonsen hadde då sin siste arbeidsdag i selskapet. Dagen blei markert saman med kollega Ruben Tveit. Bedrifta, Bilglass Bergen AS, som driv både avdelinga i Drotningsvik og Os, er nemleg selt til den store kjeden Hurtigruta Carglass.

– Bransjen er spesiell i det at avtalar med forsikringsselskap utgjer ein veldig stor del av drifta, og her står ofte dei større kjedane sterkare.

Salomonsen eigde Bilglass Bergen AS saman med Bjarte Skarstrup. Dei har vore i dialog med Hurtigruta Carglass ei stund og i oktober blei det fortgang i forhandlingane og avgjerd og handel.

– Skarstrup held fram i jobben medan eg og familien flyttar til Sverige, fortel Salomonsen.

Inviterer til konkurranse mot Solberg

Den nye eigaren ligg ikkje på latsida når det kjem til å vidareføra suksessen til Bilglass Bergen.

Torsdag 6. desember inviterer dei til treff med den kjente rallyføraren Henning Solberg.

– Vi kjem til å ha stand inne på Amfisenteret om ettermiddagen, der vi blant anna vil demonstrera reparasjon av steinsprutskader, fortel marknadssjef i Hurtigruta Carglass, Bente Birkeland.

Ein av dei som truleg sørgjer for mest steinsprutskader i Noreg, Henning Solberg, stiller også opp på standen.

– Han skal få signera t-skjorter, men han skal også få litt å bryna seg på, seier Birkeland.

Solberg skal nemleg rigga seg opp med playstation og konkurrera mot publikum i WRC-spel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.