Sport | 25. juni 2020

Henriette S. Noss slo klubbrekord frå 1983

Svært gode resultat på Os Turn sitt første av tre karusellstemne.

Henriette S. Noss slo klubbrekord frå 1983
Henriette Sæbø Noss knuste 37 år gamal klubbrekord i juni. (Privat arkivbilde, foto: Harald A. Noss)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2020 08:08

Friidrettsgruppa i Os turnforening har sett opp tre karusellstemne i sommar, for å gi lokale utøvarar eit tilbod.

– Første stemne gjekk av stabelen torsdag 18. juni. Vi hadde lite annonsering i forkant, så det kom berre éin utøvar som ikkje var frå Os, men dei lokale som stilte leverte knallgode resultat, seier Sindre Steinsland.

Det blei sett 16 nye personlege rekordar i sommarvarmen på Kuventræ. I tillegg kom ein ny, solid klubbrekord.

Årets lengste i Noreg - knuste 37 år gamal klubbrekord

Den som utmerkte seg mest var Henriette Sæbø Noss (13), som hadde ein kanonserie i lengde.

– Alle hopp var lengre enn tidlegare personleg bestenotering, fortel Steinsland.

Det lengste hoppet målte heile 5,03 meter.

– Dette er solid ny klubbrekord og kraftig forbetring av førre pers, som var på 4,59 meter. Hoppet er òg det lengste registrerte i Noreg i klassen jenter 13 år.

Førre klubbrekord var på 4,83 meter og blei sett Karianne Berge på Skansemyren i 1983.

100 meter på 12,18

Vindforholda blir skildra som optimal for løp og hopp, og det ble sett ei rekkje personlege bestenoteringar på både 60 meter og 100 meter.

Oskar Gulbrandsøy (G18) var raskast og persa på både 60 meter med 7,83 og 100 meter 12,18.

– I kuleringen klinka Thea Olsvold Hausberg til med 10,15 meter i J16 (3kg). Det er ein flott ny pers med 59 cm.

Malin Dale J18 (4 kg) sette ny pers med 7,04 meter i kule. Det same gjorde Frida Berge Steinsland J12 (2 kg) 5,79 meter og Erik Klyve Olsen G13 (3 kg) 5,56 m.

1500 meter og debutantar

En del av dei yngre utfordra seg sjølv med å prøva ut nye øvingar.

Synne Hjertaker og Sondre Pedersen Matre debuterte begge på 1500 meter og gjennomførte distansen med glans. Synne blei klokka inn på 6:30,24 og Sondre 6:27,35.

Raskast på 1500 meter var Maria Haustein (J19), som hadde ei fin gjennomkjøring og kom i mål på 5:21,00.

Yngste deltakar var Emma Eikrem 9 år. Ho stilte i 12-årsklassen for å få konkurransetrening.

– Ho leverte til gangs. 60-meteren gjekk unna på 9,98 og i lengde hoppa ho 3,54 meter, som er ny pers. Her kan vi venta mange gode resultar i åra som kjem, seier Steinsland.

Nytt stemne i dag

Dei to neste rundane i sommarkarusellen på Kuventræ går i dag og neste torsdag.

60 meter hekk, høgde, spyd, 80 meter, 100 meter og 800 meter står på programmet.

– Vi ligg an til å få nok ein dag med strålande vêr. Det blir spesielt spennande å sjå Martin Hjertaker G15 i høgde. Han hoppar bra på trening om dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.