Henrik Tysse Sperrevik, her frampå mot Vestfossen førre helg, skåra to mål på ti minutt mot Strømsgodset 2 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Henrik (16) klarte nesten å snu kampen åleine

Henrik Tysse Sperrevik kom innpå i 81. minutt og skåra sine to første for Os sitt A-lag.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Strømsgodset 2 - Os 3-2 (2-0)

Henrik Tysse Sperrevik, som fyller 17 år seinare i haust, blei sentral borte mot Strømsgodset 2 i går.

Som på heimebane fekk Os det tøft mot Strømsgodset, som blant andre stilte med Pellegrino i angrep.

1-0 kom etter 3 minutt og 2-0 etter 18 minutt. I 72. minutt auka heimelaget forspranget til 3-0.

Så, i 81. minutt, kom sonen til tidlegare toppskårar Tim Henrik Sperrevik innpå.

Henrik brukte 10 minutt på å redusera til 3-1 og 3-2.

– Eg plar ikkje skåra så mange mål, men det er alltid kjekt, spesielt sidan det var mine to første for A-laget, seier den unge indreløparen.

Han har òg skåra to mål for Os 2 i år. Gårsdagens skåringar kom etter at han blei spelt gjennom av Mats Cato Moldskred, og etter innleg av Rafael Villén.

– Eg meiner vi skapte nok sjansar til å vinna, og spelte bra i store delar av kampen.

To debutantar

Henrik var ein god månad frå 16-årsdagen sin då han debuterte for Os i serieavsluttinga i opprykkssesongen i fjor. I år spelte han frå start i sesongopning i NM-runde mot Fana, og har seinare vore på banen i seks seriekampar. Inkludert i går.

Begge dei nysignerte frå Haugesund, Espen Haraldseid og Andreas Støle-Hansen, spelte frå start. Dei to er opprinneleg back, men måtte i andre posisjonar i går.

Debutanten Støle-Hansen klarte seg saman med Torgeir Lunde bra som ny duo i midtforsvaret. 

I tillegg til Frode Storebø og Alexander Dale, som er ute med skade resten av sesongen, mangla Os både kaptein Marius Mikkelsen, toppskårar Roger Ekeland og midtstoppar Jonas Hovland til gårsdagens kamp. 

Os speler neste kamp heime mot Brann 2 måndag om ei god veke.

Fleire saker