Henrik Tysse Sperrevik fekk tre kampar med juniorlaget før han blei invitert med A-laget på trening. (Privat foto)
Henrik Tysse Sperrevik fekk tre kampar med juniorlaget før han blei invitert med A-laget på trening. (Privat foto)

Henrik i troppen til toppkamp i OBOS-ligaen

Tysse Sperrevik har trent med Sogndal sitt A-lag i over ein månad.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. oktober 2020 - 19:41

Henrik Tysse Sperrevik, som fyller 18 år i desember, gjekk frå Os til Sogndal sitt U-lag i starten på januar.

I dag var han i troppen til A-laget under toppkamp i OBOS-ligaen mellom Sogndal og Tromsø.

– Eg er framleis Sogndal 2-spelar, eg har ingen kontrakt. Men eg har hatt ein god månad i trening med A-laget no, og det har vore både motiverande og veldig lærerikt, seier Henrik til Midtsiden.

– Å få vera med i troppen var ekstra kjekt! synest den talentfulle osingen.

Jamn toppkamp

Det blei ingen OBOS-debut på Os-legenda Tim Henrik sin son i dag.

Kampen mellom Tromsø på 1. plass og Sogndal på 2. plass enda 1-1 etter utlikning ved Ogbu Igoh for heimelaget Sogndal i 82. minutt.

Neste kamp går borte mot Raufoss på 9. plass.

Skåra 2 mål i serieopninga for U20-laget

Henrik debuterte for A-laget til Os borte mot Valestrand Hjellvik på tampen av opprykkssesongen 2018, og var på banen i 9 A-kampar for Os i 2019. Han skåra sine to første, og Os sine einaste, borte mot Strømsgodset 2 i august.

Etter 2019-sesongen var han med Sogndal sitt G19-lag i ei skandinavisk turnering over to helger. Der blei det plass frå start og mykje speletid i alle dei fire kampane.

I haust starta Henrik på tredje og siste år på toppidrett ved Sogndal vgs. Han bur på hybel med ein lagkamerat og ein høgskulestudent.

– Eg trivst godt i Sogndal, både med skule og trening. Vi deltok i vinterserien før ting blei koronastengt i mars, i haust har vi spelt serie som juniorlag.

Sogndal 2 har mange unge spelarar. I serieopninga blei det 8-1 over Dale. Høgrevingen Henrik skåra to av måla.

For 5-6 veker sidan blei Sperrevik og fem andre unge tatt opp til trening med A-laget. To av dei er der framleis.

– Kvart lag held seg for seg sjølv, som del av smitteverntiltak, derfor blir det ingen juniorkampar på meg no. Men det går heilt fint, når alternativet er å trena med OBOS-laget til Sogndal, seier Henrik nøgd.

 

Les meir om

Fotball Os herre Sport