Sport | 26. feb. 2015

Henrik til Strømsgodset

Keepertalentet Henrik Mjelva (16) frå Søfteland har fått innpass i Drammen.

Henrik til Strømsgodset
Henrik Mjelva (midten) saman med to nye lagkameratar, Severin Sørlie og Knut Ahlander. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. feb. 2015 07:32

Henrik Mjelva, som fyller 17 år i august, har nettopp vore på sitt andre treningsopphald med Strømsgodset.

Onsdag ettermiddag fekk han beskjeden han hadde håpa på, Godset vil ha han med som ein av fem keeperar fordelt på dei tre seniorlaga til klubben.

– Andrelaget speler i 2. divisjon, tredjelaget i 3. divisjon. No håper eg på speletid i 3. divisjon, og kanskje nokre kampar også i Oddsenligaen, seier Henrik.

Midt i skuleåret

I fjor haust fortalte vi at Henrik, som spelte for Lysekloster 2 på våren i fjor, hadde flytta til Haugesund for å gå toppidrettsgymnas.

– I starten trente eg med FK Haugesund og rekruttlaget deira. Eg var også med og spelte junior elite med klubben.

Men FK Haugesund valte ein klassekamerat framfor søftelendingen, som måtte nøya seg med 4. divisjon med Djerv 1919 (saman med osingen Egil Thuen).

Då det blei ei opning i Strømsgodset, og ein talentutviklar i klubben har tatt trenarutdanning saman med Henrik sin pappa, Bjørn, gjekk turen austover.

– No vil eg snakka med rektor om å få skifta skule midt i skuleåret. Dei har tilsvarande toppidrettslinje i Drammen, så eg håper eg får flytta så raskt som mogleg.

Vann treningskamp

Første treningsopphald var ei veke midt i januar. I førre veke hadde Henrik vinterferie, og då var han i Drammen igjen.

– Eg har veldig godt inntrykk av klubben, medspelarane og folka i leiinga, seier 16-åringen.

Han har også fått vist seg i ein treningskamp med 2. divisjonslaget. Dei møtte eit godt 3. divisjonslag frå Sarpsborg og vann 3-1.

– Det var veldig kjekt å få den telefonen. No håper eg alt går i orden med skulebyte, seier den flytteklare keeperen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.