Henta etter vepsestikk
Ein mann i 50-åra blei henta med ambulanse etter vepsestikk på nasa sundag formiddag.


- Eg har ikkje reagert på vepsestikk før, det var sikkert det at eg blei stukken i hovudet som gjorde at eg blei slått ut, seier mannen som sundag måtte få hjelp av lege.
Han blei stukken då han var på besøk hos ein kamerat for å låna noko verktøy. I bilen på veg heim byrja han å føla seg uvel, og til slutt fekk han problem med pusten.
- Det blei verre medan eg snakka med ambulansepersonellet, då dei spurte etter adressa mi var det så vidt eg klarte å snakka, fortel mannen.
Han la seg ned på sofaen og pusta så sakte han kunne. I ambulansen blei det sjekka om hjarta var OK, noko det var, og hos lege fekk mannen fleire sprøyter.
- Eg kom meg raskt, så det var god hjelp å få. På ettermiddagen var eg i fin form igjen, fortel vepse-offeret.