Lokal | 21. sep. 2019

Henta med luftambulanse etter ulykke i Samnanger

Tre bilar kolliderte i krysset mellom Os, Bergen og Samnanger.

Henta med luftambulanse etter ulykke i Samnanger
Tre bilar var involvert i ulykka. Ein varebil hamna på sida. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. sep. 2019 09:04

Ambulanse, brannvesen og politi frå både Kvam og Os rykte fredag i 18-tida ut til krysset mellom fylkesveg 137 Solbjørgvegen og riksveg 7 Samnangervegen.

– To bilar kom frå Samnanger og skulle svinga av mot Os, ein av desse kolliderte med ein møtande bil frå Bergen. Ein bil som kom frå Os blei òg råka, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Tre personar blei skadde eller undersøkt for skade etter ulykka.

– Éin blei køyrd til sjukehus i helikopter, to andre blei køyrd til legevakt i legebil.

Politiet vil foreløpig ikkje seia noko om årsaka til ulykka.

Vegen var stengt fram til klokka 20.05.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.