Lokal | 17. juni 2016

Hentar klenodium heim

Vogn frå Osbanen skal restaurerast og stillast ut: – Den kjem snart til Lidl-lageret for å bli pussa opp, fortel Søviknes.

Hentar klenodium heim
Den gamle Osbanenvogna har fungert som hytte frå 1936 til i dag. No skal den heim til Os og restaurerast (foto: Ørjan Deisz, Bergens Tidende)
Andris Hamrefredag 17. juni 2016 09:19

Ordføraren fortalde i samband med overtakinga av Knutabruo torsdag at han nettopp hadde vore i møte med jernbaneentusiastar for å hente heim ei av dei gamle jernbanevognene som i si tid blei brukt på den smalspora jernbanen mellom Os og Nesttun.

– Det er vogna som har stått i ein hage på Kismul ein no skal hente heim. Ein har funne løysingar på å få frakta den til Lidl-lageret i Ådnadalen, kor ein vil restaurera den, fortalde Søviknes.

Vogna har ikkje hjul og har blitt brukt som hytte av dei noverande eigarane, men Øyvind Tøsdal, som òg var tilstades ved Knutabruo kunne fortelje at ein i ei løe i Øvredalen har funne hjulsett frå dei gamle vognen som gjekk på Osbanen og at desse har blitt teke vare på.

Kjøpt for 100 kroner

I ein større artikkel fortalde BT.no tidlegare denne veka historia om den gamle jernbanevogna som i 1936 blei kjøpt for 100 kroner då Osbanen blei lagt ned og tatt i bruk som sommerhytte/leikestove hos familien Bremar på Kismul ved Kalandsvatnet.

Skal restaurerast

Ekteparet Jorunn og Rolf Bremar har no gitt den gamle vogna til entusiastane slik at dei kan restaurere den.

– Det er så utrolig at denne teakvognen, som vi kaller Bremar-vognen, er i så utruleg god stand - 121 år etter at den blei bygd. No skal vi brette opp ermene og i første omgang få flytta vogna til Ulven, der den skal restaurerast. Til det trengs det både penger og ikke minst teak, sier togentusiast Jarl Aspaker.

Etter det Midtsiden kjenner til vil det bli oppretta ei eiga stifting som skal stå for restaureringa.

Plasserast ved stasjonen

Aspaker fortel til BT at planen er vogna skal få sin siste permantente plassering foran Osøren Stasjon i Os sentrum, men med vinteropplag i vognhallen etter at den er restaurert.

Dette var Osbanen

Nesttun-Osbanen var ein privat smalspora jernbane med 750 mm sporvidd som gjekk mellom Nesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935 på grunn av at drifta ikkje var lønsam.

Mykje av traseen kan framleis sjåast i terrenget, og er på lange strekningar gjort om til gang- og sykkelveg. Stasjonbygningen på Stend og nokre vogner er teke vare på som eit lite museum.

På Nesttun hadde banen stasjon saman med den dåverande Vossabanen (Bergensbanen), som gav samband til Bergen sentrum. Men då sporvidda var mindre på Osbanen enn på Vossabanen, måtte gods lastast om og passasjerar skifte tog.

Nesttun-Osbanen hadde stasjonar på Nesttun, Skjold, Rådal, Stend, Solbakken, Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), Hamre, Kismul og Kalandseidet i Fana, og på Søfteland, Ulven, Kuven og Osøyro i Os.

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.