Her blir flest hjort påkøyrd
Høgsesong frå no til nyttår: Sjå kart og statistikk.

I 2019 blei det registrert 291 kollisjonar mellom bil og vilt i Hordaland fylke dei tre siste månadane av året. Samla tal for Vestland fylke i 2019 var 835.
– Éin av tre påkøyrslar skjer frå no til nyttår, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.
Mørkare morgonar og kveldar, vanskelegare køyreforhold, sesongtrekk og haustjakt, som får dyra til å flytta meir på seg, blir nemt som årsaker.
– Vêr ekstra merksam og demp farten, spesielt om det er skilta med fare for vilt.
- VIDEO: Sjå hjorten speler fotball!
Utsette område markert i kart
Tidspunkt på dagen har òg noko å seia. Det skjer flest ulykker mellom klokka 07 og 08 på morgonen og etter klokka 17 og fram til midnatt.
– Nokre vegstrekk er meir utsette enn andre, seier Voll, og oppmoder bilistar om å vera ekstra varsame på desse vegstrekka.
Eit av dei verste områda er nær Os sentrum, mellom Gymnasvegen og Banktjørn.
- Les òg: Hjorten sprella under bilen
På hjorteviltregisteret.no finn du både statistikk og eit interaktivt kart der du kan sjå nærmare på statistikken år for år i dei områda du køyrer i.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.