Næringsliv | 11. sep. 2012

Her blir lefsefabrikken tømt

– Alt vi har sagt til no har stemt. No hentar dei til og med 50 år gamle maskiner til Trøndelag i håp om å produsera Vestlandslefsa godt nok, fortviler Stian Kyte.

Her blir lefsefabrikken tømt
I dag kom ein trailer og tok med seg store mengder produksjonsutstyr frå Vestlandslefsa-fabrikken på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. sep. 2012 22:57

I mai i fjor kjøpte Rieber & Søn Lierne Bakeri i Trøndelag. Då det blei bestemt å flytta produksjonen frå Os, der produksjonen har vore sidan starten på 50-talet, var det fleire som blei urolege for både eigen jobb og for framtida til Vestlandslefsa.

– Det er ikkje berre oppskrifta som er unik, men produksjonsmetoden og produksjonsmaskinene. Vestlandslefsa er eit resultat av tett samarbeid mellom familien Bøe og Fagerthun Mekaniske, eit samarbeid som har halde fram til tredjegenerasjon, seier tidlegare tillitsvalt ved fabrikken, Stian Kyte.

– Mislykka bruk av millionar

– Dei har lenge sagt at produksjonen går for fullt, men fleire daglegvarebutikkar, inkludert her på Os, fortel om tomme hyller, seier Kyte.

I helga sa Hanne Dankertsen, kommunikasjonssjef i Rieber & Søn, til bt.no at Lierne hadde knekt lefsekoden, men at det har tatt tid og at dei derfor ikkje har produsert nok.

Tysdag kom likevel eit vogntog og tok med seg fleire store produksjonsmaskiner frå fabrikken på Os.

"Vi skal henta nokre maskiner som skal til Trøndelag" sa sjåføren. Det første vogntoget skal ha vore ved fabrikken torsdag.

– Viss produksjonen går så fint, med opptil 4 gongar høgare fart enn på Os, kvifor treng dei då heile den gamle produksjonslinja på Os? Og kvifor hentar dei den no, undrast Kyte.

Midtsiden.no lukkast ikkje i å nå Dankertsen tysdag ettermiddag.

– Dei hentar til og med elte-karet, første produksjonsledd. Det er heilt utruleg. Denne flyttinga må ha kosta millionar, den er ikkje koordinert med oss i fabrikken på Os, dei har ikkje spørt oss om vi sjølv vil utvida her lefsa høyrer heime - og dei ser ikkje ut til å få det til.

– Skal få slita

Tredjegenerasjon Fagerthun, Tom Fagerthun, var i dag og demonterte lefsebakemaskinene som bestefaren hans bygde på 50-talet.

– Eg har vore her ved fabrikken jamleg sidan eg gjekk i lære hos far min som 16-åring. Det var ikkje kjekt å skru dette ifrå kvarandre i dag, synes Tom Fagerthun (40).

– Skal du også opp til Trøndelag og montera?

– Det har eg ikkje blitt spørt om, men det er heller ikkje aktuelt.

Kyte trur framleis at trøndarane skal få slita med å kopiera Vestlandslefsa.

– Dette er maskiner, men dei er ikkje heilautomatiske robotar. Fabrikken er tømt, men kunnskapen blir igjen i Os. Dei skal få halda fram med å slita i Trøndelag, trur Kyte.

Håper på snuoperasjon av ny eigar

Kyte og fleire av kollegaene håpte i det lengste på at Rieber skulle snu.

Då Rieber & Søn i agust blei kjøpt opp av Orkla blei nytt håp tent.

– Vi såg kva produkt som var mest synleg under den internasjonale pressekonferansen. Vestlandslefsa har alltid gått med overskot og lefsa har vore så populær at Rieber ikkje kunne marknadsføra den.

– Det håper vi at Orkla skal sjå, og at dei set ein stoppar for gamblinga med Vestlandslefsa. Kjør maskinene ned igjen så skal vi få sving på fabrikken igjen på eit par veker, seier Stian Kyte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.