Kultur | 10. mai 2013

KingCalling-videoen er ferdig

VIDEO: Eirik Søfteland og resten av KingCalling slepp musikkvideoen til "Shadow Throne" i dag, få timar før Idol-finalen.

KingCalling-videoen er ferdig
Frå innspelinga i det Reitan-eigde&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">36.000 kvadratmeter store ubrukte</span><span style="line-height: 1.538em;">&nbsp;"Lidl-lageret" i Ådnadalen i Os. (Foto: Andris Hamre)</span>
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. mai 2013 08:28

I slutten av februar blei den spelt inn, i dag slepp KingCalling sin første musikkvideo, "Shadow Thorne", frå debut-EP-en dei gav ut hausten 2012.

– Den ser fin og dyr ut. Vi er veldig takksam for den hjelpa vi har fått av Varde Film og Media. Dei har brukt mykje utstyr og enormt mykje tid på oss, seier KingCalling-gitarist Morten Torkildesen til Midtsiden.no.

Torkildsen var med å starta bandet, der Idol-Eirik er vokalist.

God respons - stort konsertoppdrag

– Det er Eirik som har skrive teksten, melodien har vi laga saman. Det er vel denne låta vi til no er mest nøgd med, og vi får god respons hos publikum når vi speler "Shadow Thorne" på konsertar.

Konsertar bleir det fleire og større av for KingCalling denne sommaren. Fredag 5. juli opnar dei årets Søfteland Rock N LOL, fredag 9. august varmar dei opp for Kings of Leon på Brann Stadion.

Ut av eigen skygge

- Det er ei hardrocklåt, og sjølv om den ikkje er veldig kommersiell, håper eg at også dei som høyrer på pop vil lika den, seier Eirik til VG Nett i dag.

- Låta handlar om å koma ut av sin eigen skygge. Det er ikkje alle som tør å ta det steget og eg synest det er fint om eg gjennom denne låta kan hjelpa og støtta folk som ikkje har så god sjølvtillit.

KingCalling består av: Eirik Søfteland (vokal), Espen Austestad (gitar), Morten Torkildesen (gitar), Leif Herland (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer).

VIDEO: "Shadow Thorne" av KingCalling. (Foto og produksjon: Varde Film og Media)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.