Lokal | 21. aug. 2010

Her er lekkasjen

Husstandar, hotell og sjukeheim var utan vatn laurdag morgon. Stegen er stengt medan skaden blir reparert.

Her er lekkasjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. aug. 2010 10:18

Både sjukeheimen og Bjørnefjorden Gjestetun var utan vatn laurdag morgon. No er lekkasjen funnen, men Stegen er stengt for trafikk og det er framleis uvisst kor tid alle får vatnet tilbake.

- Eg fekk dei første telefonane før klokka 7 i dag tidleg. Då var fleire utan vatn, i tillegg fekk vi melding om at det fossa vatn nedover Stegen, seier teknisk vakt i Os kommune, Birger Holmefjord.

Røra i Midtskogvegen og nede ved Byvegen blei stengt slik at fleire fekk vatnet tilbake. Så starta gravearbeidet.

- Lekkasjen er funnen, men røra er av gamal type så det kan gå litt tid med å skaffa delar. Det er med andre ord uvisst kor tid dei som bur i og rundt Stegen får vatnet tilbake og kor lenge Stegen blir stengt for gjennomkjøring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.