Kultur | 26. mars 2016

Her er ORBO sin nye video

Inspirert av møte med sir David Attenborough skreiv Berg-Olsen si første låt om klima.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. mars 2016 08:13

Ole Reinert Berg-Olsen jobbar med nytt album, det første etter Safe & Sound i september 2014.

I april-mai kjem EP-en, i dag slepp han video av låta han først framførte under støttekonserten for Syria i november, «Sands of Time».

– Videoen er laga av ein amerikansk fotograf eg møtte i Las Vegas for nokre år sidan, Wayne Wallace. Bilda er frå Los Angeles, Svalbard og Osfest.

– Det blir fire nye på EP-en og yttarelare tolv nye låtar på albumet. Det har vore grei produktivitet i det siste, seier den tidlegare Spellemannpris-vinnaren.

Inspirert av Attenborough

«Sands of Time» er skriven etter eit svært spesielt møte for ORBO. I september, etter noko brevveksling våren 2015, møtte han sitt store idol, den kjente naturprogramleiaren sir David Attenborough.

– Eg deltok som publikum på eit arrangement der Attenborough mottok ein pris. Det var mange som ville ha eit ord med han etterpå, men tryggleikssjefen hans, som er dottera, kom og henta meg.

– Det var ganske surrealistisk. Han hugsa brevvekslinga og det at vi drøfta den globale klimautfordringa, overbefolking og samanhengen mellom høgare utdanning og talet på nyfødde.

«Vi er alle syndarar»

Ole seier dette er hans første låt om klima, men at han blei så inspirert av møtet med Attenborough, som fyller 90 år i mai, at teksten nærmast kom av seg sjølv.

– Eg har sjølv tatt testar som viser at eg er ein klimaversting. Eg tar nokore flyturar i året og eg eig tre bilar med dieselmotor.

– «Sands of Time» handlar om at vi alle er skyldige og at framtida er vårt felles ansvar. Eg snakka ein del med Attenborough om dette, om kor mykje av det han har filma i løpet av sine over 50 år for BBC som no er vekke. Vi snakka òg om hans ønskje om at mest mogleg av det som er igjen framleis skal vera der når eg fyller 90 år.

Lite live i år

Den travle Osfest-arrangøren skal spela på Madam Felle 16. april, men legg ikkje opp til noko tett program på vegne av eigen musikk dette året heller.

– Det får koma seinare. Det livet du må ha om du speler konsert kvar helg er vanskeleg å kombinera med å vera far til to små.

– Kva med platesalet og musikken du allereie har gjeve ut. Genererer det framleis noko speletid og inntekt?

– Summen av utbetalingar frå Tono, Spotify og visse andre kanalar er ok. Eg er glad eg kom i gang før dette med fysisk platesal nærmast forsvann, eg trur vi som kom før digitaliseringa har fått eit fotfeste det er vanskeleg å få for dei som er nye musikarar i dag, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.