Lokal | 02. des. 2016

Her er oselvar-videoen til UNESCO-søknaden

Torsdag kveld blei Oselvarverkstaden listeført hos UNESCO. Denne videoen var ein vesentleg del av Noreg sin søknad.

Her er oselvar-videoen til UNESCO-søknaden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. des. 2016 11:45

UNESCO har fleire liste. Også innan immateriell verdsarv er det tre forskjellige, blant anna ei liste over kulturarv som står i fare for å gå tapt.

Oselvarverkstaden og båtbyggarkunsten er på ei anna liste, dei er no listeført som eit prakteksempel, som «Best Safeguarding Practices» – beste vernepraksisar.

• Les òg: Oselvarverkstaden listeført hos UNESCO

Som del av søknaden var videoen i ruta over.

(Videoen er laga av Vidar Langeland, som i går hadde sin første arbeidsdag ved Oselvarverkstaden)

Det er dette det handlar om; korleis Oselvarverkstaden har bevart, vidareført og formidla gamal og høgt utvikla båtbyggartradisjon. Båtbyggartradisjonen sto i midten av 90-talet i fare for å døy ut, Os Båtbyggarlag hadde berre to aktive båtbyggarar, Harald Dalland frå Tysnes og Nils Olav Solberg frå Austevoll.

Oselvarverkstaden har bygd nærmare 90 oselvarar, på gamlemåten, og hatt seks lærlingar, der tre av dei framleis jobbar ved verkstaden.

Juryen og dei andre «vinnarane»

I tillegg til Oselvarverkstaden var det sju andre prosjekt som blei vurdert av komiteen for sikring av beste vernepraksis.

Her er alle (unesco.com)

Ikkje alle kom gjennom nålauget, mellom anna blei ein modell for sikring av tekstilkunsten i El Ceracado i Argentina avvist.

Andre prosjekt hadde ei negativ innstilling frå evalueringskomiteen, men blei snudd i møtet, til dømes det bulgarske prosjektet «Festival of folklore in Koprivshtitsa: a system of practices for heritage presentation and transmission».

Oselvarverkstaden sin søknad oppfylte alle kriteria i Unesco sine reglar og hadde ei positiv innstilling frå evalueringskomiteen, og blei klappa igjennom av komiteen.

Avgjerda blir fatta av ein stor organisasjon med representantar frå 26 nasjonar.

Medlemmane i Unesco sin komite for vern av den immaterielle kulturarven kjem frå Afganistan, Algeria, Armania, Austerrike, Bulgaria, Colombia, Kongo, Elfenbenskysten, Cuba, Kypros, Etiopia, Guatemala, Ungarn, India, Libanon, Mauritsius, Mongolia, Palestina, Filippinene, Korea, Saint Lucia, Senegal, Tyrkia og Zambia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.