Her er syndaren
Den store vasslekkasjen i Stegen blei raskt reparert.
![Her er syndaren](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/ba98a021ee5d20e16df8565a98d7df133d33e4b1-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
I 20-tida torsdag rann store vassmengder ned Stegen og ut i Byvegen.
Årsaka var nok eit slitasjebrot på det rundt 50 år gamle røret som går opp mot Midtskogvegen.
Midtsiden var oppom skadestaden igjen i 00.30-tida i natt. Då var feilen funnen og nytt rør på veg ned i det nygravde holet i vegen.
– Vi fekk kopla på vatnet igjen i natt, litt etter klokka eitt, seier Johannes Håkonsund frå kommunalteknikk.
– No har det vore minst tre brot på to år. Blir det snakk om å skifta røret i heile strekket av lekkasjar som dette?
– Det er fleire eldre, svake rør i Os, men det i Stegen har i det siste vist seg å vera veldig utsett for brot, og er heilt klart modent for utskifting, seier Håkonsund.
– Men det er nok ikkje noko som blir prioritert med det første, vil eg tru.
Heldigvis for dei som bur i Stegen blei det ikkje mange timar utan vatn denne gong.
Brannvesenet sto dessutan klar til å koma til nabolaget med drikkevatn på tankbil frå klokka 6 i dag, om ikkje skaden blei reparert.