Kultur | 06. nov. 2015

Her er videoen som kan bli gjennombrotet

Sjå den nydelege videoen som kan ta Aurora til toppen av listene i England.

Her er videoen som kan bli gjennombrotet
Aurora kan få gjennombrotet i England gjennom oppdraget for John Lewis (foto: AH)
Andris Hamrefredag 06. nov. 2015 08:50

Torsdag blei det kjend at Aurora Aksnes hadde fått det prestisjetunge oppdraget med å synga på John Lewis, den leiande kjøpesenterkjeda i Storbritannia, sin julereklame.

John Lewis starta med varehus i Oxford Street i London i 1864 og har no 45 varehus i UK.

I dag slapp kjøpesenteret reklamen som du kan sjå i vindauget under, der Aurora syng Oasis-låta «Half the world away».

Som å trekka vinnarloddet

Det å fronta John Lewis er eit springbrett som kan bringa Aurora til topp av dei britiske spelelistene.

«Getting picked to sing the iconic advert these days is the equivalent of being given thousands of gift vouchers because the tune is almost guaranteed to stay near the top of the charts over the festive period.» skreiv The Sun då oppdraget til Aurora blei kjent.

I England er Aurora framleis eit relativt ukjent blad og for britisk presse eit overraskande val frå det store varehuset.

– Sjølv om Aurora er eit ukjent namn, følte dei at hennar vare stemme passa perfekt for songen, skriv The Sun.

«The cat is out of the stocking: a little-known 19-year-old from Norway has covered one of Britpop's most beloved ballads for this year's John Lewis Christmas advert», skriv The Telegraph.

Sjå òg då Aurora overraska det avtroppande kommunestyret med intimkonsert førre helg.

5/1 i odds som jule-hit

Dei engelske bookmakerane har vore raskt ute med å setta odds på kva låt dei trur kjem til å bli årets jule-hit i England.

Aurora si låt får 5/1 i odds og kjem nest høgst på lista over låta Ladbrokes.com tur blir årets hit, berre slått av X-faktorstjerna Louisa Johnson.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.