Lokal | 11. jan. 2015

Her går seglbåten ned

VIDEO: Sjå den eine av dei to seglbåtane i Askvik søkka – og bildeserie frå dagen derpå i den øydelagde marinaen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. jan. 2015 21:26

Bildeserie:

Segl og kalesjar ser i dag ut som g-streng-truser. (Foto: KVB)
– Båten var strøken før stormen, fortviler Johnny Njøten. (Foto: KVB)
– Men eg er glad brannvesenet redda den inntil kaien. (Foto: KVB)
Denne båten låg opp-ned i dag. (Foto: KVB)
... med motoren under vatn. (Foto: KVB)
Under denne båten ligg ei snekke med kjølen opp. (Foto: KVB)
Bryggene har fått mange store skadar. (Foto: KVB)
MS Samba var på plass og hjelpte til. (Foto: KVB)
Segl og kalesjar ser i dag ut som g-streng-truser. (Foto: KVB)
– Båten var strøken før stormen, fortviler Johnny Njøten. (Foto: KVB)
1 av 8

Laurdag kveld rykte Os brannvesen ut til Askvik Brygge for å hjelpa til med å redda fleire båtar i stormen.

– Eg er utruleg takksam for innsatsen deira. Båten min hadde truleg gått ned om dei ikkje fekk den inn til kaien, seier Johnny Njøten til Midtsiden.

To andre var ikkje like heldige, seglbåtane deira gjekk ned tidlegare på ettermiddagen og ligg på 30-40 meter djupne i dag.

– Båten min er ti år gamal, men då eg kjøpte den for halvanna år sidan var den heilt strøken og nyoppussa i skroget. No har den fleire sprekker og skutesida er skrapt opp, fortviler Njøten.

– Eg heldt meg heime i går, og håpte det var min dei hadde redda då eg las om det. Det var det, men det var likevel eit forferdeleg syn å sjå det øydelagde bryggeanlegget og alle dei skadde båtane i dag.

– Der verste eg har sett

I tillegg til to seglbåtar som ligg under vatn er det ei snekke som låg i ein bøye litt aust for bryggeanlegget som har gått ned.

Ein skjergardsjeep av merket Rana ligg med kjølen opp og motoren under vatn, i tillegg har brygga fått omfattande skadar på utriggarane.

MS Samba var i dag på staden og løfta opp utriggar etter utriggar mens bryggene blei reparert. Andre la båtane side om side langs med flytebrygga.

– Eg har vakse opp i Askvik og dette er det verste eg har sett! seier Georg Askvik.

Den tidlegare medeigaren i Askeladden har utsikt over bryggeanlegget og filma då den eine seglbåten gjekk ned.

Hans eigen Askeladden låg trygt i ei privat brygge rett innanfor.

VIDEO: Sjå seglbåten gå ned då stormen Nina herja med Askvik Brygge. (Lesarfoto: Georg Askvik)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.