Næringsliv | 22. okt. 2015

Her heng Noregs første Moment-hus

Svevande på ei søyle, på ei høgde i Halhjemsmarka, er det som blir kalla «Noregs råaste kataloghus» under oppføring.

Her heng Noregs første Moment-hus
Prosjektleiar Bjarte Aarvik (t.v.) og bas Kristoffer Heggeland framfor Moment-huset i Halhjemsmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. okt. 2015 08:35

Bildeserie:

Svevande nesten ti meter over bakken. (Foto: KVB)
Svevande nesten ti meter over bakken. (Foto: KVB)
Søylene, frå Johs Sælen, kom på plass i september.  (Foto: KVB)
Søylene, frå Johs Sælen, kom på plass i september. (Foto: KVB)
– Vi var spente, men dei passa perfekt.  (Foto: KVB)
– Vi var spente, men dei passa perfekt. (Foto: KVB)
Huset ligg i denne gata, langs eit høgdedrag i Halhjemsmarka.  (Foto: KVB)
Huset ligg i denne gata, langs eit høgdedrag i Halhjemsmarka. (Foto: KVB)
Utsikta mot Osøyro i nord er òg god.  (Foto: KVB)
Utsikta mot Osøyro i nord er òg god. (Foto: KVB)
Borgafjellet, Tøsdalsfjellet og Møsnuken i bakgrunnen.  (Foto: KVB)
Borgafjellet, Tøsdalsfjellet og Møsnuken i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Nedste etasje er breiare, med innkjørsle på taket.  (Ill. Norgeshus)
Nedste etasje er breiare, med innkjørsle på taket. (Ill. Norgeshus)
Andreetasje har stove, kjøkken, bad og soverom. (Ill. Norgeshus)
Andreetasje har stove, kjøkken, bad og soverom. (Ill. Norgeshus)
Førsteetasje har to soverom og ei stor kjellarstove. (Ill. Norgeshus)
Førsteetasje har to soverom og ei stor kjellarstove. (Ill. Norgeshus)
F.v.: Kristoffer, Bjarte, direktør Dag Runar Båtvik og Kjetil Aarvik i juni. (Privat foto)
F.v.: Kristoffer, Bjarte, direktør Dag Runar Båtvik og Kjetil Aarvik i juni. (Privat foto)
1 av 10

– Det er ein del folk utom og ser på huset. Men det er ikkje for sal enno, seier prosjektleiar Bjarte Aarvik frå Byggmester Kjell Aarvik AS.

Den dristige einebustaden vekte stor merksemd då teikningane blei vist på Norgeshus-konferansen i 2013. Huset er teikna av sivilarkitekt John Birger Grytdal og tilpassa av Elisabeth Lilleby (master i arkitektur), begge tilsett i kjeda.

– Eg blei overraska då eg oppdaga at denne fine tomta ikkje var selt, seier Aarvik, som bur to hus bortanfor og har bygd og levert materialar til fleire av dei andre nabohusa.

– Så kom eg på Moment-huset, eller søylehuset, som mange kallar det, og tenkte det ville passa perfekt på denne tomta. Far (Kjell) var med på ideen med éin gong, og vi fekk ein god dialog med tomteseljar Ottar Randa frå Os Bygg og Eigedom.

Panoramautsikt over fjord og fjell

Tomta ligg inntil eit av høgdedraga i det nye bustadområdet Halhjemsmarka II.

Frå stoveglaset får du utsikt frå Reksteren på Tysnes til Austevoll og Sotra, og innover land mot Os sentrum, Borgafjellet og Møsnuken.

– Det blir spektakulært, både for dei som skal bu her og for dei som ser huset frå utsida. Tomta har skrått og fint terreng med lyng og annan vegetasjon, der mykje av dette blir spart. Her slepp vi dessutan å bygga høge murar for å få huset i vater.

Over 220 kvadratmeter

Huset ser fint, men kanskje litt lite ut, ved første augekast. Men førsteetasjen er større enn det stykket som ligg under den svevande andreetasjen.

– Oppe blir det stove, kjøkken, soverom og bad, nede bygger vi to soverom, kjellarstove som eventuelt kan krympast til fordel for eit fjerde soverom, bad, vaskerom og teknisk rom.

Samla sett har huset eit bruttoareal på 228,5 kvadratmeter.

Utfordrande og enkelt

Kristoffer Heggeland, som er bas på huset, seier sjølve byggeprosessen går som planlagt.

– Det er i grunnen eit ganske enkelt hus å bygga. Den største utfordringa er det kanskje smeden som har hatt.

Den firdelte kraftige søyla blei levert av Johs Sælen & Sønn frå Os.

– Tysdag 15. september blei søyla løfta på plass. Vi var spente, men den passa perfekt! fortel Kristoffer.

Ingeniør Jens Even Roset ved Norgeshus seier det har vore utfordrande å rekna ut bæresystemet til huset.

- Moment-huset i seg sjølv er utfordrande. I tillegg er tomta skrå og sjansen for at vind frå sør og vest vil ta godt tak i huset stor. Vi har derfor valt ei stiv stålramme forheile den utkraga delen, seier Roset.

Vil bygga fleire

Administrerande direktør i Norgeshus, Dag Runar Båtvik, tok turen frå Trøndelag til Os for å ta det første spadetaket 1. juni.

Prosjektet har ei eiga facebookside og interessa har vore stor.

– Vi gler oss til huset står ferdig og er spent på responsen når vi legg det ut for sal.

– Vi gler oss òg til Norgeshus-konferansen i april, når vi kan koma med bilde av det første ferdige Moment-huset i Noreg. Eg trur òg at vi kjem til å bygga fleire sånne hus, seier Bjarte Aarvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.