Staur Gård si historie strekk seg tilbake til 1400-talet. I 2020 kan Sverre og supportarar frå Os skapa ny historie. (Foto: Staur Gård, staur.no)

Her kan 56 osingar bu under skøyte-VM 2020

– Alle hotell er fullbooka, men eg fekk reservera heile Staur Gård.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I starten på februar reiste over 20 osingar samla til Inzell for å heia Sverre Lunde Pedersen fram til eit historisk VM-gull på 5000 meter.

• Les òg: God stemning på veg til VM

Neste år går VM allround saman med sprint-VM i Vikingskipet, og Os Travel vil i samarbeid med Midtsiden og Tore Kleppe invitera til nok ein fellestur.

– Første steg blei vanskeleg, for alle hotella i nærområdet var allereie fullbooka. Men så blei eg tipsa om herskapelege Staur gård, og har fått reservera heile gjestgiveriet, seier Hans Parnefält frå Os Travel.

No vil han bruka dei neste vekene på å lodda stemninga for ei sportsoppleving og eit opphald utanom det vanlege, for å heia fram Sverre, Håvard, Sindre og resten av det norske landslaget til nye VM-medaljar.

– Innan utgangen av april bør eg veta omtrent kor mange som vil vera med, for eg kan ikkje halda på denne reservasjonen for lenge.

Tar turen med fly

I år blei det gull i VM enkeltdistanser i Inzell og sølv i VM allround i Calgary. Neste år går VM enkeltdistanser i Salt Lake City, mens VM allround blir arrangert på denne sida av Atlanterhavet, nærmare bestemt i Noreg siste helga i vinterferien, 28. februar til 1. mars.

– Vi vurderte å laga ein pakke med buss, eller at folk køyrde sjølv, men eg ser for meg både fare for stengte fjellovergangar og ein noko langdryg busstur heim igjen om søndagen.

– Derfor blir det tur-retur med fly, og så har eg fått booka buss både frå og til Gardermoen og internt i Hamar til og frå Vikingskipet frå dag til dag.

«Os Farmen»

Staur Gård ligg 60 minutt frå Gardermoen og 10 minutt med buss frå Hamar, i idylliske omgjevnadar ved Mjøsa.

– Her er 35 rom fordelt på ulike bygningar på gardstunet, nokkre med 4 til 6 rom, dei største bygningane med 9 til 11 rom.

– Vi var over 20 i Inzell. Blir det endå fleire som vil til Hamar 2020 så kan vi få ein rein Os Farmen under VM, seier Hans og ler.

Han har berre gode minner frå Inzell-turen, og tilbakemeldingane frå reisefølgjet var svært positive.

– Eg har arrangert fleire reiser til fotballkampar, men dette var første gong eg såg skøyter live. No blei det bonus at Sverre gjekk så fantastisk bra, men turen hadde vore fin uansett. Det er ei utruleg fin stemning på skøytearenaen, med venskapeleg og god sportsånd på tvers av nasjonar. Folk bytte skjerf og flagg, og heia på gode prestasjonar, ikkje berre på sine eigne landsmenn.

Treng raske reservasjonar

Norwegian legg ikkje ut billettar til flyreisene sine før 330 dagar før avreise. Derfor har ikkje Hans eksakt pris før om ei lita veke.

– Det ser ut som om vi landar på rundt 7500 kroner for denne helga.

– Det vil inkludera fly tur-retur Bergen, buss frå Gardermoen til Staur Gård, to netter med frukost, inngangsbillett tre dagar i Vikingskipet, med plass i dei nest beste setene på tribunen, og buss til og frå Vikingskipet kvar dag.

Parnefält stiller sjølv som reiseleiar, Tore Kleppe er også denne gong med som «cheerleader».

Fleire saker