Kultur | 30. aug. 2013

– Her kan fleire ha glede av den

Tore Lunde fekk førstevalet sitt under årets skulptursymposium i Os. Men Livets tre skal ikkje stå i foajeen i Kolskogen.

– Her kan fleire ha glede av den
Arne Mæland blei hyra inn for å få Tore Lunde sin Fareed-skulptur, Livets tre, på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. aug. 2013 08:40

Tore Lunde sitt firma Norden Maritime AS var for første gong blant kjøparane under årets skulptursymposium i Os.

Les òg: Byrjar å ta form

Kjøparane betalar same sum, men veit ikkje kva dei får før under trekninga.

– Eg hadde Livets tre av Nagy Fareed frå Egypt som førsteval og blei veldig glad då eg fekk denne, seier Tore, som er bror til den kjente trommespelaren Magne Lunde.

På plass ved fjorden

Norden Maritime produserer komposittmateriale til offshorenæringa og har produksjon i Kolskogen, i den eine av dei to store bygningane kistefabrikken Sibi brukte.

Lunde hadde først tenkt å ha skulpturen ståande i foajeen på fabrikken sin.

– Men så fann eg ut at eg ville at fleire skulle få glede av denne, og snakka med styret i bufelleskapen i Vindu mot Fjorden og Os kommune om saka.

Tore bur sjølv i Vindu mot Fjorden og fekk grønt lys av både styre og kommune.

Les òg: Sjøsette møbel

Onsdag kom skulpturen på plass, takka vera gode hjelparar.

– Eg har plan om ein liten avdukingsseremoni òg, men det blir litt seinare i haust, seier Tore Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.