Lokal | 16. feb. 2011

Her kjem ungdomsskulen

Om adhocutvalet får det som dei vil kjem den nye ungdomsskulen på Nore Neset.

Her kjem ungdomsskulen
Andris Hamreonsdag 16. feb. 2011 13:58

I oktober vedtok kommunestyret skulebruksplan for 2010-2020. Samstundes sette dei ned eit adhocutval som skulle arbeida med å konkretisera planane.

Utvalet, som består av politikarar, byråkratar og tillitsvalte, har jobba raskt. Måndag presenterte kommunalsjef Ingvar Torsvik arbeidet og det føretrekte tomtealternativet.

- På neste møte i utvalet er det på med støvlane og ut i marka, kunne kommunalsjefen røpa.

Tomta utvalet har sett seg ut er 40 dekar bak Nore Neset Aktivitetshus.

Forbilde på Stord

I arbeidet med ny ungdomsskule har utvalet vore på synfaringar i Bergen og på Stord for å henta inspirasjon og idear.

- På Stord fann vi ein skule i tråd med vår måte å tenkja på, fortalte Torsvik.

Skulen han sikta til er Nordbygdo Ungdomsskule, som sto ferdig i oktober 2009.

Bjørn Matland (H), som òg sit i utvalet, var i tenesteutvalet i førre veke einig med Torsvik om at Norbygdo hadde mykje av dei kvalitetane Os jaktar på.

Har satt kultureininga i sving

Eit av dei tiltalande forholda ved Nordbygdo var at dei på Stord har klart å få staten til å ta delar av rekninga for uteområdet.

På skuleplassen, som ikkje berre er ein skuleplass, finn ein heile 7 nærmiljøanlegg finansiert med statlege midlar til nærmiljøanlegg.

- Eg har allereie bedt kultureininga om å sjå på mogligheitane for noko tilsvarande, fortalte Torsvik til formannskapet.

Av den totale kostnaden til skulebygg og uteområde,, er 20 av dei 120 millionane Nordbygdo har kosta, brukt til nærmiljøanlegga.

I formannskapet undra Eirik Neverdal (TvS) på om det var gjort nokre refleksjonar om det var nok av hovudverktøyet i skulebruksplanen - pengar - når ein no hadde kome lengre i dei konkrete planane.

Til det meinte Torsvik at dei skulle klara seg med dei midla som var sett av til ny ungdomsskule i planen.

- Det er viktig at vi har ei stram styring, og ikkje bruker alle pengane på det første prosjektet. Pengane som er bevilga i skulebruksplanen skal rekkja til alle dei prosjekta som ligg inne i planen, slo Torsvik fast.

Kor skal elevane gå?

Ei problemstilling Torsvik kom inn på i sine presentasjonar for tenesteutvalet førre veke, og igjen for formannskapet tysdag, er kva ungdomsskule kvar elev skal gå på.

Når Søfteland blir ei rein barneskule, skal dei då til den "gamle" eller "nye" ungdomsskulen? undra Torsvik.

I tenesteutvalet fekk han då spørsmål frå Stig Nilsen (Frp) om det ikkje er fritt skuleval.

- Jau, det er det, men vi som kommune bør nok leggja nærleikprinsippet til grunn når vi legg planar, meinte Torsvik.

- Kanskje må vi òg tenkja litt annleis enn det vi har gjort til no, la han til.

Lysekloster skule inn i planen

I skulebruksplanen er det vedtatt at det skal byggjast ein ny ungdomsskule og at Os ungdomsskule, Halhjem barnetun og Kuventræ skule skal rustast opp. I tillegg har ei sanering og nybygging på Lysekloster skule kome opp som følgje av tilstandsrapport etter at planen blei vedteken.

Formannskapet gav tysdag tilslutning til at ramma for skulebruksplanen skulle aukast med 40 millionar, frå 181,8 til 221,8 millionar kroner, slik at ein og fekk med det nødvendige arbeidet på Lysekloster skule i planen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.