Politikk | 24. juni 2020

«Her køyrer bilane og motorsyklane veldig fort, og det er skummelt»

Barnetråkk-rapporten er ferdig: No kan du lesa kva ungane i Os meiner om det å ferdast, møtast og opphalda seg i Os.

«Her køyrer bilane og motorsyklane veldig fort, og det er skummelt»
Mathilde Ilper Johnsen ved planavdelinga i Bjørnafjorden kommune har vore prosjektansvarleg. Her ved Kyrkjeflaten - som er markert som «fin stad» i rapporten.
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 24. juni 2020 12:41

Tidlegare Os kommune starta i 2018 ei barnetråkk-kartlegging i 5. trinn og 8. trinn ved sju ulike skular i kommunen.

Barnetråkk er eit digitalt kartverktøy som gjev ungar moglegheit til å seia si meining om nærområdet, kor dei ferdast og oppheld seg og kva dei ønskjer å endra på i framtida.

• Les òg: Vil kartlegga snarvegane til ungane dine

I januar 2019 var Midtsiden med då 8A ved Os ungdomsskule skulle byrja å leggja inn sin info.

Opptekne av ulike ting

I desse dagar er rapporten ferdig, og prosjektansvarleg Mathilde Ilper Johnsen på planavdelinga fortel at det har vore kjekt å jobba med rapporten;

– Det har vore både kjekt, og ikkje minst inspirerande å henta inn ungane sine meiningar. Det er interessant å sjå breidda i kva ungane er opptekne av, samstundes som at vi ser at ein del ting går att, som til dømes reaksjonar og ubehag kring anleggsarbeid.

I rapporten er det henta inn svar frå elevar ved Os barneskule, Os ungdomsskule, Hegglandsdalen barneskule, Lysekloster barneskule, Søre Øyane barneskule, Søfteland barneskule og Nore Neset barneskule.

Ungane har sjølve fått teikna inn i kart, og kommentert både positive og negative sider ved sitt nærmområde. I rapporten ligg det no kart for kvart område som tydeleg viser korleis ungane tar seg fram, kor dei oppheld seg, og kva for område og aktivitetar dei tykkjer er både positive og negative.

Skal nyttast vidare

Johansen fortel at bakgrunnen for prosjektet har vore trong for kunnskap om kor born og unge ferdast, møtast og oppheld seg. Då spesielt i samband med arbeidet med ny overordna arealplan og sentrumsplan for Osøyro, samt som kunnskapsgrunnlag for framtidig utbygging.

– Karta som vi nyleg har laga til dette prosjektet ligg no i alle kartverktøya vi nyttar, og vil i så tilfelle vera med som viktige innspel i korleis vi jobbar vidare med utviklinga av bygda.

Kommunen har nyleg lagt ungar i Os sine kommentarar inn i kartverktøyet dei nyttar. (Ill.foto: KVB)
Kommunen har nyleg lagt ungar i Os sine kommentarar inn i kartverktøyet dei nyttar. (Ill.foto: KVB)

– Har de gjort nokre spesielle funn i dette arbeidet - er det det nokre tema eller utfordringar som de ikkje var klar over?

– Nei, eg vil ikkje seia at det er gjort spesielle funn, men som eit samla dokument er dette eit viktig innspel for framtida.

Johnsen fortel at det allereie er planlagd ei første evaluering av bruken av rapporten om seks månadar.

– Den er såpass fersk at den ikkje er teken i bruk enno, men vi ser føre oss ei første evaluering av bruken og verdien av den allereie om eit halvt år.

Funn og kommentarar i rapporten:

  • Vinteraktivitet som skøytegåing og akebakker er registrert fleire plasser i og nært Osøyro. Nokre badeplassar er òg registrert som mykje brukt; Mobergsviko, Hammeren (langs Oselva), på veg mot og forbi Solstrand Hotell ved Lyssandfjæra. Ved Ulvenvatnet er det òg registrert badeaktivitet. Leike- og opphaldsareal er primært konsentrert rundt skule og skuleområdet, idrettsanlegg
  • på Kuven og på Lyngheim.
  • Det er ikkje mange stader i og nært Osøyro som er markert med kategorien «Fine stader». Kyrkjeflaten er markert som «fin stad» saman med eit større skogsområde ved bustadfeltet på Hjelle.
  • For dei elevane ved Lysekloster skule som bur i Bergen kommune (Nordvik) er Fanafjellsvegen markert som utrygg fordi det manglar fortau. Det same gjeld Drangsvegen.
  • Det er fleire punktregistreringar langs Byvegen som er markert med utrygg ferdsel. Dette gjeld strekninga frå skulen og til Jokerbutikken. Krysset ved butikken og krysset ved innkøyringa til skulen og overgangsfeltet i same området er òg hyppig registrert som utrygt.
  • «Her er det ganske mykje søppel». (Kommentar ved jordet innerst i Skeisflaten vest for Nore Neset kyrkje)
  • «Her møtes vi ofte.» (Joker Søfteland)
  • «Fin park og fint sted.» (Kommentar ved Sunnøya, nes mot Tøkjesundet)
  • «Vi har ikke så mange barn der vi bor så det hadde vært fint med en lekeplass”. (Kommentar ved Søvikneset)
  • «Viss dere rydder og tar vekk alle stygge stubbene og tetter igjen alle hullene og lager stort og fint gress blir eg evig takknemlig» (Kommentar ved Skjelåsen)
  • «Her køyrar bilane og motorsyklane veldig fort og det er skummelt». (Kommentar langs Hegglandsdalsvegen)
  • «Os er eit ganske fint sted!»

Om du vil lesa heile rapporten, finn du den her. (bjørnafjordenkommune.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.