Lokal | 29. sep. 2015

Her seier han opp

Rådmann Knut Terje Rekve leverte tysdag kveld oppseiinga si til ordførar Terje Søviknes (Frp). Rekve går av for aldersgrensa.

Her seier han opp
Rådmann Knut Terje Rekve leverar her oppseiinga si til ordførar Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. sep. 2015 19:13

Bildeserie:

Rekve blei takka med ståande applaus og blomar frå politikarane (foto: AH)
Rekve blei takka med ståande applaus og blomar frå politikarane (foto: AH)
1 av 1
Rekve blei takka med ståande applaus og blomar frå politikarane (foto: AH)

Det siste kommunestyremøtet med dei politikarane som har hatt ansvaret dei siste fire åra blei avslutta tysdag kveld med at rådmann Knut Terje Rekve leverte oppseiinga si til ordførar Terje Søviknes.

– Det har vel vore ei offentleg hemmelegheit. Eg blir eldre eg òg. Kona mi seier i allefall det.

– Eg oppnår pensjonsalder no i haust og sluttar difor som rådmann ved nyttar, fortalde Rekve frå talarstolen.

Knut Terje Rekve blei tilsett i Os kommune i 2006 og fekk i september 2012 utvida åremålsstillinga si til å gjelda for tre nye år.

Ni fantastiske år

Han har vore ein sentral skikkelse i dei endringane Os kommune har vore gjennom i løpet av dei ni siste åra, noko kommunestyret viste å setta pris på med spontant å gje rådmannen ståande applaus.

– Det har vore ni fantastiske år og det er med vemod eg no sluttar. Eg kunne godt tenkt meg å halda fram, men må ta innover meg alderen. Det har vore kjekt og det har skjedd mykje.

– Prosessen med å ersatta meg er allereie starta, fortalde Rekve.

Overtalde til å venta

Ordførar Terje Søviknes visste kva som kom på slutten av møtet og hadde sørga for ei blomsterhelsing til den avtroppande rådmannen.

– Eg har jo visst det ei stund. Allereie i sommar ville han gje seg, men eg fekk overtalt han til å halda fram til nyttår.

– Eg meinte det ville vera fornuftig at han var den som avslutta denne kommunestyreperioda og at det var han som la fram neste års budsjett for det nye kommunestyret. Både eit nytt kommunestyre og ein ny rådmann ville kanskje vore litt for mykje på ein gong, kommenterte Søviknes som overrekte blomane på vegne av politikarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.