Sport | 30. aug. 2016

Her skjer det under Tour des Fjords

Folkefest på Øyro i tre timer. Konkurransar. Periodevis stengde veger og parkering utanom sentrumskjerna. Vi gjev deg oversikten.

Her skjer det under Tour des Fjords
I morgon blir det liv både på Øyro og langs traseen når årets Tour des Fjords start på Os (foto frå i fjor: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 30. aug. 2016 07:55

Bildeserie:

Slik er løypa, med start på Os, ei runde om Fanafjellet, før syklistane kjem tilbake til Os
Slik er løypa, med start på Os, ei runde om Fanafjellet, før syklistane kjem tilbake til Os
Store delar av Os sentrum blir stengd frå tysdag kveld til onsdag kveld
Store delar av Os sentrum blir stengd frå tysdag kveld til onsdag kveld
Her skjer det i sentrum
Her skjer det i sentrum
1 av 3
Slik er løypa, med start på Os, ei runde om Fanafjellet, før syklistane kjem tilbake til Os
Store delar av Os sentrum blir stengd frå tysdag kveld til onsdag kveld
Her skjer det i sentrum

Onsdag rykker sykkelsirkuset Tour des Fjords inn i bygda. Med det følgjer eit tre timar langt sykkelshow i sentrum, periodevis stengde vegar langs traseen og sport på høgste nivå.

– Vi byrjer noko rigging i sentrum allereie tysdag kveld, men det meste vil skje onsdag morgon, fortel ordførar og leiar av den lokale arrangementskomiteen, Terje Søviknes.

Kor kan ein parkera?

Av den grunn har kommunen gått ut med varsel om at Os sentrum blir stengd for gjennomkøyring og parkering frå tysdag klokka 21 til onsdag klokka 21. Stenginga gjeld frå Giskavollen ved Os barneskule, Landboden ved Kløvertun, parkeringa framfor Rådhuset, Brugata ved iSushi og Øyro frå krysset ved bussterminalen. I tillegg er parkeringa mellom Hatvikvegen og Essoen stengd.

– Eg vil oppmoda folk om å nytta seg av parkering i randsonane til sentrum slik som ved Oseana, Vognhallen, Irisgården, Fjellheim og Os næringspark, seier Søviknes.

Eller enno betre, i og med at det er eit sykkel-løp, ta sykkelen fatt.

Stengde vegar

I samband med sjølve sykkelrittet blir stikkvegar langs løypa steng omlag 35 minutt før første ryttar passerar.

– Vegen blir halden stengt til siste rytter har passert. Det kan gå 20 minutt frå første til siste syklist, slik at total stengetid er omlag 1 time, opplyser Tour des Fjords i trafikkinformasjonen dei har offentleggjort.

Rittet startar klokka 14.20 på øyro med roleg oppvarming opp til Amfi Os, kor sjølve starten går. Arrangørane har berekna at første rytter truleg er på bakkespurten på Fanafjellet klokka 14.51 og tilbake i Industrivegen på Os klokka 15.08. Frå der går rittet via byvegen til Undino og opp Hatvikvegen til Hegglandsdalsvegen, kor dei etter berekningane svinger inn klokka 15.15.

I denne perioda må ein rekne med at det vil vera vanskeleg å komma seg fram i og rundt Osøyro.

– Følg instruksane frå løypevaktene, sjå på nettsidene våre for informasjon og berekn litt ekstra tid. Det ligg GPS-data på nettsidene våre kor ein kan følgje kor syklistane er til einkvar tid, seier rittsjef Roy Hegreberg.

Kor skjer det i sentrum?

Frå klokka 11 onsdag formiddag blir det show og aktiviteter i sentrum. På scenen skal Eirik Søfteland synga og Sondre Aksnes triksa. I tilegg dukkar TV2 sitt team med Dag Otto Lauritzen i spissen opp.

– Barnerittet, som CK Henie er lokal arrangør for, startar klokka 11.45. Løypa går frå telthusplassen over Kyrkjeflaten til Landboden, med målgang på Torget.

På torget blir det òg BMX-show klokka 12.45 med nokre av Noregs beste BMX-syklistar før laga blir presentert på scenen frå klokka 13.15.

– Det siste som kom på plass i går er at Lilleballong kjem med hoppeslott, så alt ligg til rette for at det blir liv på øyro i morgon, seier Søviknes, som opplyser at et òg blir mat-telt i sentrum.

Lag liv, vinn premiar

Saman med sponsoren Coop lyser Tour des Fjords ut ei konkurranse blant publikum om å laga mest mogleg liv langs løypa. Premiane er tur for to til Rallarvegen, sykkel og gåvekort.

– Det er ei fotokonkurranse på Instagram, der bileta av dei mest humørfylte heiagjengane vil bli premiert. Alle tilskodarar blir altså oppmoda til å kle seg ut eller laga montasjer eller på andre måter skapa blikkfang som på ein humoristisk og positiv måte viser eit stort engasjement for sykkelsport og folkefest, fortel Arne-Richard Stadaas, Soneleder for Os kommune.

For å vera med i konkurransen merker ein bileta på instagram med emneknaggane #sykkelfest eller #coopsykkelglede.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.