Lokal | 25. juli 2011

Her slo lynet ned!

SJÅ BILDA: Bustadbrannen i Hagavik søndag starta med lynnedslag i ei flaggstang. Lynet knuste seg veg mot bustaden.

Her slo lynet ned!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2011 08:45

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Lynet slo ned fleire plassar i Os i går, blant anna i ein bustad i Dahlsvegen i Hagavik.

– Lynet slo faktisk ned i flaggstanga på tomta og knuste seg så veg mot huset som tok fyr, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Les òg:
Bustad i brann etter lynnedslag
(med bildeserie frå brannen og sløkkearbeidet)

På framsida av huset, ut mot sjøen, står flaggstanga, cirka 10 meter frå husveggen. Frå flaggstanga til huset er det tydelege spor etter enorme krefter.

Sjå bildeserien over.

– Det viktigaste er redda

Brannvesenet fekk melding om brannen rundt klokka 17, klokka 17.30 hadde dei kontroll på brannen. Bustaden er likevel stygt skadd, det er uvisst om huset blir reparert.

– Men heldigvis blei alt av affeksjonsverdi redda, slik det ser ut no, seier Håvardstun.

Det var fire personar i bustaden då det byrja å brenna. Alle kom seg heilskinna ut.

Overnattar i båten

– Vi hadde allereie slått av straumen grunna alt lynet. Så høyrde vi det enorme braket. Då sette vi oss vekke frå vindauge og stikkontaktar, fortel huseigaren.

Det var då dei såg ut vindauget og oppdaga at det kom røyk ned frå taket at dei forsto at huset brann.

– Vi stakk ut av huset. Eg rakk å ta med meg lommebok og mobiltelefon, men ikkje noko meir.

Då Midtsiden var ute igjen på brannstaden søndag kveld var ekteparet som eig huset på plassen for å henta ting ut av huset.

– Vi har ein båt med god plass i og overnattar i den no den første natta. Så får vi sjå om vi får ordna oss eit husvære i morgon.

Både restverdiselskap og eit firma som driv med skadebegrensing var på plass i bustanden søndag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.