Lokal | 23. mars 2012

Her vil Søviknes ha hotell

Ideen om hotell ved Oseana og Os Sjøfront er ikkje lagt på is. No vil kommunen gå nye rundar med dei store hotellkjedane.

Her vil Søviknes ha hotell
Salet av husvære i blokkene på den nybygde kaien har gått veldig bra. Før Os Sjøfront legg ut dei bakre for sal vil Os kommune prøva å få ein hotellkjede på banen. (Ill.: Os Sjøfront)
Andris Hamrefredag 23. mars 2012 12:36

På ettersommaren vil dei to første boligblokkene i Os Sjøfront stå innflyttingsklare. Korleis det bakre området på tomta skal nyttast er framleis enno ikkje avklart.

- Utbyggarane ønskjer å koma vidare med utbygginga, men vi har framleis ei opning for å sjå på ei løysing med hotell på arealet, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp) til næringslivsrepresentantar fredag morgon.

Eit hotell vil dekka ein manglande kapasitet og kunna gje ein ytterlegare synergi med Oseana. Vi ser for oss at varme senger nær Os sentrum også kan ha ein del å seia for butikkane på Osøyro.

- Hotellideen er ikkje forkasta. Vi kan sjå for oss ei løysing med parkering og hotell i kombinasjon, sa Søviknes.

Få senger - høg pris

Sema Group i Stavanger har på vegne av Os kommune analysert behovet for hotellsenger i bergensregionen.

- Dei er veldig optimistiske i forhold til behovet. Bergensregionen har ei underdekning på hotellsenger, men samtidig er det mange nye senger under bygging i Bergen om dagen, forklarte Søviknes.

Prisen på hotellovernatting i bergensregionen er saman med Oslo blant dei høgste i landet.

- Vi vil no gå ein runde med dei store hotellkjedene for å høyra om korleis interessa er for å etablera seg her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.