I dag presenterte sportsleg leiar Svein Kollen (t.h.) Ruben Hetlevik som ny hovudtrenar for Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hetlevik overtar som Lysekloster-trenar

Ruben Hetlevik (29) blei i dag presentert som ny hovudtrenar for Lysekloster.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ruben Hetlevik, som har 78 kampar for Nest-Sotra, blant anna i OBOS-ligaen, blir hovudtrenar for Lysekloster.

Midtsiden sendte starten på pressekonferansen direkte via Facebook-sida vår.

Hetlevik har dei siste 2,5 åra vore del av trenarapparatet til Nest-Sotra, og spelte sin siste A-kamp våren 2015. Han var hovudtrenar då Nest møtte Brann i OBOS-ligaen 16. mai i fjor.

Avtroppande Lysekloster-trenar, Thomas Sandal, held fram i klubben, men det er førebels ikkje bestemt i kva rolle. Broren Ørjan er som kjent ute av klubben frå nyttår, då han skal tilbake til Mallorca som hovudtrenar for Mallorca Toppfotball.

Også Arne Hitland og keepertrenar Ketil Elvenes er med vidare.

Ville ikkje ha ein «gamal travar»

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, seier han er svært nøgd med å få Hetlevik på plass.

– Vi var på jakt etter ein som er offensiv og svolten, ikkje etter ein gamal travar som har gått frå klubb til klubb på Vestlandet, seier Kollen.

Kontrakten blei skriven seint måndag kveld, tysdag kveld møter Hetlevik spelargruppa for første gong.

Hetlevik har signert for to år med opsjon på yttarlegare eitt år.

– På tide å skifta miljø

Hetlevik hadde ingen trenarbakgrunn då han av styre og spelargruppe blei tatt inn som spelande trenar for Nest-Sotra første gong.

– Men eg har vore kaptein lenge, og vore samtalepartnar med trenarar, ikkje minst David Nielsen, som har lært meg mykje.

Trenar-rolla har fenga 29-åringen, som no er klar for ny klubb.

«Det har vært en vanskelig avgjørelse å ta, men samtidig har jeg vurdert dette nøye. Nest-Sotra har vært livet mitt de siste 13 årene, og jeg føler at tidspunktet er det rette til å søke nye muligheter. Jeg vil fortsatt være en av Nest-Sotra sine fremste supportere og vi skilles som gode venner» sa Hetlevik til Vestnytt då det tidlegare denne månaden blei klart at han gjekk frå Nest-Sotra.

– Eg har opplevd mykje desse får åra som trenar, både det å nesten halda seg og det å nesten rykka opp. No trur eg det kan vera sunt og lærerikt med eit nytt miljø.

På fulltid i Framo Lysekloster idrettspark

Ruben er frå Toftarøy, heilt sør på Sotra, og har Hald som moderklubb.

– Eg hugsar då Hald spelte på filten på Lysekloster før i tida. Heile Søvikvågen var full av båtar, mimrar Kollen.

Hetlevik har både jobba som anleggsarbeidar og studert landmåling innimellom fotballkarriera, men dei siste åra har det vore fotball på fulltid.

Sånn blir det òg i ny klubb.

– Ruben er først og fremst A-lagstrenar, men vil òg bidra i akademiet vårt og sørgja for at det blir ein raud tråd i alt arbeidet vårt.

Sjølv seier Hetlevik at han ikkje kjem til å bli spelande trenar.

Stall og spelestil

I kveld skal Hetlevik møta spelarane og vera observartør på treninga, som brørne Sandal leiar, då deira kontrakt går ut året.

Nyetrenaren startar i jobben 1. desember.

13 av spelarane er på kontrakt neste år, blant anna Hetlevik sin tidlegare lagkamerat, Gojko. Fleire nye skal inn.

– Vi vil vera på jakt etter svoltne spelarar, uavhengig av alder og eigenskapar. Det blir ein tøff sesong neste år, men eg har ein offensiv inngang til fotball og det er jo Lysekloster òg kjent for å ha, seier den komande nye hovudtrenaren.

 

Fleire saker