Lokal | 27. sep. 2020

Hevingsaksjon i Lekvenvågen

Brutus henta opp fritidsbåt som gjekk ned i førre veke.

Hevingsaksjon i Lekvenvågen
M/S Brutus heva i dag formiddag ein fritidsbåt utanfor Lekvenvågen. (Lesarbilde: tips@midtsiden.no)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 27. sep. 2020 11:02

I dag formiddag vart ein nedsokken båt heva utanfor Lekvenvågen.

På plass for å få båten opp att var M/S Brutus.

• Les òg: Brutal båtsatsing i Øyane

John Garvik ombord i Brutus fortel at havaristen var ein Windy 32 som gjekk ned for om lag ei veke sidan.

Ein del av eit pågåande arbeid

I mai kunne du lesa at kommunen ville bruka pengar på å fjerna fem båtvrak som låg under vatn ulike stadar i bygda.

Brannsjef i Bjørnafjorden, Eivind Hovden, fortel til Midtsiden at mannskap frå brann- og redning ikkje var til stades på dagens heving, men at arbeidet er ein del av eit pågåande arbeid i regionen;

– Det ligg ein god del båtar nedsokne i Os og omegn, og slike hevingar er med å hindra forureining i sjøen.

– Vi har eit tett samarbeid med Bergen og Omland havnevesen i desse sakene, men akkurat dagens heving kan eg ikkje kommentera yttarlegare på.

• Les òg: Skjergarden i Os druknar i båtvrak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.