Hildringar og jakten på landskapet i Oseana
Gro Thorsen og Marianne Morild stiller ut saman i Oseana.
Thorsen, som har budd i London dei siste 20 åra, og Morild som nyleg returnerte etter 14 i same byen, kjenner kvarandre, men dette er første gongen dei stiller ut saman i Noreg.
Dei er samde om å gje kurator ved Oseana, Evelyn Holm, æra for utstillinga;
– Evelyn visste jo at vi kjende kvarandre, og via henne vart vi kopla saman til denne utstillinga.
Godt å vera to
Dei to meiner å hugsa å ha stilt ut saman i London i 2013, men på spørsmål om kor tett dei har jobba saman om utstillinga som opnar i morgon, kjem det fram at dei har eit auge til kvarandre.
– For meg har har det vore godt å veta at vi er to om denne utstillinga, fortel Thorsen. Det gjer det heile litt mindre skremmande for meg.
Morild fortel på si side at sjølv om dei har jobba kvar for seg med verka som skal stillast ut i «Hildringer», har det jamleg vore avsjekkar på korleis dei har lege an i høve til kvarandre.
– Eg har på mi side lete meg inspirera av planleggings- og arbeidsprosessane til Thorsen.
Thorsen legg til at det er mogleg at tankane om utstillinga ho no skal ha saman med Morild, kan ha påverka ho endå meir enn berre det praktiske;
– Dei siste to åra har eg blitt mykje meir fargerik i kunsten min, og når eg ser på maleria til Morild, og kva eg skal stilla ut her i Oseana, er det tydeleg at eg har har teke det heilt ut med fargebruk.
Inspirasjon i digitale kart, landskap og urbane rom
Dei to kunstnarane fortel engasjerte om kvar dei finn inspirasjonen sin.
– Eg maler i eit landskap mellom dei tradisjonelle landskapsbilda og digitale kart ein nyttar til oljeleiting, fortel Morild.
– På den eine sida har du det gammaldagse som jaktbilete i flott natur, men det er ikkje så enkelt å sjå på naturen på den måten lenger. Vi ser naturen på ein annan måte i det samfunnet vi lev i no, og eg har lete meg inspirera av digitale kart. Desse karta er fargesterke og har ein heilt eigen estetikk rundt seg. Dei er ein heilt annan måte å sjå naturen på, men felles for desse og dei gamle, tradisjonelle bilda, er jakt.
Thorsen på si side målar menneske i bevegelse i urbane rom.
– Det er anonyme menneske som passerar raskt forbi bildeflata, gjerne i storbyrom, eller i arkitektoniske rom, fortel ho.
– Eg går gjerne ut i storbyen og teikner skisser og tek bilde av gater, bygningar og lys-komposisjonar. Så set eg delar av alt det eg har sett saman til noko nytt. Inn i desse landskapa målar eg inn menneske som skal ein stad eller som kjem frå ein stad.
Gler seg etter ei noko hektisk oppkøyring
Thorsen og Morild ser fram morgondagens opning og kunstnarsamtale saman med kurator Holm.
Spesielt etter at oppkøyringa og førebuingane denne veka, kanskje vart vel spanande - måleria til Thorsen brukte mykje lengre tid frå London til Os enn det som var planlagd.
– Forsendinga var ikkje på plass før i går, så vi har verkeleg måtte setja alle klutar til for å bli klare til opninga i morgon.
Utstillinga til Thorsen og Morild kan du sjå i Hvelvet i Oseana fram til 24.mars.