Hilland blir Statoil-direktør

Jannicke Hilland frå Os blir ny konserndirektør i Statoil.

Jannicke Hilland. (Foto: Helge Hansen, AP/Statoil)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. aug. 2013 17:23

Jannicke Hilland har lang fartstid i Hydro og Statoil, blant anna som plattformsjef på Troll B og produksjonsdirektør for Gullfaks, og har sidan januar 2011 vore direktør for Fellesoperasjoner på norsk sokkel.

Måndag 2. september rykker ho opp og blir konserndirektør i staben til Helge Lund.

– Vi har hatt dialog om stillinga sidan forsommaren og eg ser veldig fram til å jobba tettare saman med Margareth Øvrum, Lars Christian Bacher og min tidlegare sjef, Øystein Michelsen.

– Dette er dyktige og hyggelege folk som eg kjenner god frå før, seier Jannicke Hilland til Midtsiden.no.

Hilland overtar direktørstillinga etter Arild Haugland frå Askøy. Osingen Astrid Sørensen overtar stillinga Hilland går frå.

10 år i Os

Jannicke har ein doktorgrad (Ph.d.) i fleirfasestrauming frå UiB, Master of Science frå University of Manchester og ein grad i strategisk leiing frå NHH.

Ho har også vore forskar ved Christian Michelsen Research før ho i 1998 byrja for Hydro, som fusjonerte med Statoil i 2008.

Den nye direktøren er ei Sandviken-jente som for ti år sidan flytta med familien frå Nordås til Os.

– Vi flytta då vårt mellomste barn byrja på skulen. Vi har blitt veldig glad i naturen, fjorden og resten av Osbygda.

Internasjonalt ansvar for tryggleik

Tryggleik og sikring blir blant Hilland sine ansvarsområde, både nasjonalt og internasjonalt.

– Vi har aktivitetar i blant anna Angola, Brasil, USA og Canada. Risikostyring og begrensing av risiko er blant dei viktigaste oppgåvene våre, og der har vi mange dyktige folk både internt og eksternt.

Les også intervju med Hilland på bt.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.