Lokal | 05. juni 2009

Hindra skogbrann

Fredag kveld byrja ein gapahuk på Søfteland å brenna. Brannvesenet var raskt på plass og hindra brannen i å spreia seg til den tette granskogen like ved.

Hindra skogbrann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juni 2009 20:20

Bildeserie:

1 av 3

- Vi skal vera glade for at det nesten er vindstille. Hadde dette skjedd i går eller tidlegare i dag, då vinden også var friskare, så hadde vi truleg fått ein større jobb, seier Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.

Meldinga om brann kom cirka klokka 21 fredag kveld. Ein i nabolaget meldte frå då han såg at det kom røyk opp frå skogen.

Politi og brannvesen rykte ut til Lerkevegen på Søfteland, inn ein sti og ned til elva der gapahuken ligg. Rundt 150 meter med slange blei kveila ut gjennom skogen for å nå fram.

- Førebels veit vi ikkje korleis brannen starta, men vi utelukkar ikkje at den er påtent, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Ifølgje folk på staden er det skulen som eig gapahuken. Denne er også opphaldsplass for ein del ungdomar når vêret er fint.

Det er ikkje registrert folk i området der brannen starta.

SJÅ FILM FRÅ SLØKKINGA:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.