Lokal | 21. mars 2011

Hissig vårteikn

Den var i dårleg humør, hoggormen som Terje Årdal møtte måndag kveld.

Hissig vårteikn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mars 2011 22:17

Den første veka i april i fjor høyrte vi om fleire hoggormobservasjonar i Os. Då var vêret litt mildare enn no, men i kveld, 21. mars, møtte Terje Årdal denne krabaten.

- Eg var på tur rundt Vindalsvatnet i kveldinga då eg møtte ormen, fortel Årdal.

Hoggormen låg i postvegen mellom Hetleflåten og Søfteland.

- Den var i relativt dårleg humør, men det er kanskje ikkje så rart, med det vêret vi har. Det var vel litt tidleg å vakna frå dvalen òg, undrast Årdal, som fekk knipsa eit par bilde av hoggormen før han gjekk vidare.

Om hoggorm (Vipera berus)
• Hoggorm eller huggorm er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien.
• Den einaste av desse som lever fritt i Nord-Europa, og den einaste slangen som er giftig som lever vilt i Norden.
• Av alle slangeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbreiing, den finst over det meste av Asia og Europa, frå dei britiske øyer i vest til Kina i aust, også nord for polarsirkelen og over 3000 meter over havet.
• Ein vaksen hoggorm veg 150–200 gram og blir vanlegvis 50–70 cm lang, men den kan bli opptil 90 cm. Hoa er litt større enn hannen.
• Hoggormen kan bli opptil 20–25 år gamal.
• Den kan ikkje høyra, men oppfattar lyd som vibrasjonar i bakken. Samstundes har den god luktesans.
• Lever av amfibier, smågnagarar, fuglar og fugleegg.
• Er kjønnsmoden når den er 3-5 år og føder cirka 20 ungar i august/september
Kjelde/les meir: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.