Sport | 22. sep. 2018

Historisk bronse: Erling Øyasæter knuste Olaf Tufte

Truleg Os Roklubb sin første NM-bronse i singelsculler senior.

Historisk bronse: Erling Øyasæter knuste Olaf Tufte
Erling Øyasæter (t.h.) vann bronse i singelsculler i senior-NM i dag. Martin Helseth og Petter Myhre Tufte fekk 1. og 2. plass.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. sep. 2018 17:47

I 2016 gjorde Erling Øyasæter comeback og blei tatt ut til U23-VM, i 2017 tok han to bronse i sesongens første viktige regatta og i sommar blei han, som første frå Os Roklubb på 14 år, tatt ut til World Cup.

Suksessen held fram for Erling, som i dag tok bronse i singelsculler senior tungvekt under NM på Årungen.

Slo Olaf Tufte

– Det var heilt rått å sjå på! Olaf Tufte klarte akkurat å kjempa seg til 4. plassen, mens Erling hamna på pallen, seier Audun Hadler-Olsen.

Medaljen er truleg Os Roklubb sin første i singelsculler senior.

– Viss ikkje dette er den første, så er det lenge sidan sist. Eg kan ikkje svara sikkert før eg har vore heime i klubbhuset og sjekka listene, seier rosjef Eirik Vevatne.

Martin Helseth frå Aalesund tok NM-gullet og Petter Myhre Tufte fekk sølv. Verdsmeister Kjetil Borch deltok ikkje.

Tidene (2000 meter):
Helseth: 7:08,49
Myhre Tufte: 7:16,49
Øyasæter: 7:20,09
Tufte: 7:21,99

Sterk prestasjon i dobbelfirar

Os Roklubb har òg deltatt i dobbelfirar i dag.

Der rodde Erling Øyasæter saman med Arne Hadler-Olsen, Bård Alfred Monsen og Sigurd Hadler-Olsen.

– Dei rodde inn til 4. plass, og dei kan vera veldig nøgd med prestasjon og resultat, for dei rodde nokre fine løp, synest Audun, som er trenar for firar- og åttar-båten.

I morgon skal åttaren på vatnet.

Vevatne tok 2. plass i jubileumsløp

NM er for senior og junior A.

Erik Vaktskjold frå Os deltok i dag i junior A singelsculler, men tok seg ikkje vidare til semifinale.

• Les òg: To titlar til Os i UM på heimebane

Arrangør Christiania Roklub har òg laga jubileumsløp, som junior B deltar i. Her tok Lars Erik Vevatne 2. plass.

Søndag ror Erik og Lars Erik saman i dobbelsculler i junior-NM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.