Lokal | 06. nov. 2019

Historisk: Første J17-lag som vinn KM to år på rad

Nore Neset/Os var suverene i gårsdagens serieavslutting i 1. divisjon.

Historisk: Første J17-lag som vinn KM to år på rad
Blomar og sprudlevatn etter at jentene i går sikra seriegull og KM-tittel.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. nov. 2019 07:43

Nore Neset/Os J17 spelte i går serieavslutting mot Eikelandsfjorden.

Nore Neset/Os leiar serien frå før, og kunne klart seg med uavgjort for å sikra både seriegull og KM-tittel.

– Om vi klarer det i år òg, så er vi det første laget i Hordaland som blir kretsmeisterar i J17 to år på rad, sa trenar Ørjan Sandal etter 0-1-siger over Gneist søndag.

Jentene har hatt eit tøft kampprogram den siste tida, gårsdagens kamp var den sjette på 12 dagar.

Men dei nøya seg ikkje med poengdeling mot Eikelandsfjorden, som hadde tatt 12 poeng på 8 kampar før gårsdagens derby.

Nore Neset/Os - Eikelandsfjorden 8-0 (3-0)
Nore Neset/Os: Anne Noss Nordvik - Thale Strønen SKeie, Kine Ullensvang Moland, Ingeborg Hernes Leonsen, Helene Søviknes, Anna Rød, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Christine Zehn Foldrup, Martine Nagelsen-Balland, Hedda Stamnes Lindbom, Karoline Louise Hevrøy, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celina Eide Døsen og Agathe Cöllestine Lekven.

Dermed sikra dei seg KM-tittelen for andre år på rad, sjølv om det er først neste år at jentene som utgjer mesteparten av troppen ikkje fyller 17 år før i 2020. I teorien kan dei vinna KM-tittel i same klasse også neste år, altså tre år på rad.

• I september vann dei uoffisielt NM (Adidas Cup)

Lenea Hjelle Fløysand gav vertane leiinga, Karoline Louise Hevrøy la på til 2-0.

Så skåra Lenea 4 mål til!

Andrine Kvittingen sette inn 5-0 og 8-0, resten var det Hjelle Fløysand som skåra.

Dei to toppar toppskårarlista i avdelinga med 15 og 11 mål etter endt sesong.

Dette er rett nok før Fyllingsdalen og Gneist på 2. og 3. plass, og dei andre laga, har spelt sine siste rundar. 3. og 4. plass på lista har skåra 7 og 6 mål, så det er uansett eit stykke igjen.

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.