Kultur | 11. sep. 2011

Historisk kinorekord!

Første kinodag i Oseana: Fjellheim var Noregs best besøkte bygdekino, Oseana er cirka fire gongar så stor.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. sep. 2011 20:07

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Søndag var ein historisk dag i Oseana, det nye kunst- og kultursenteret hadde sin første kinodag og Bygdekinoen skapte folkevandring til Mobergsneset.

– Billettane til Smurfene var utselt klokka 14.15 i dag og vi har allereie selt 300 billettar til vaksenfilmen Hodejegerne i kveld, sa kulturhusvert Janne Mari Hjelle før første framsyning klokka 15 i dag.

854 på kino

Salen tar 495, men kan supplerast med nokre få stolar i bakkant, og det blei naudsynt i dag; 504 såg den første spelefilmen som har blitt vist i Oseana.

– I tillegg selte vi 350 billettar til Hodejegerne. Med over 850 gjestar kunne vi nesten fylt Colosseum, som tar 1000 kinogjengarar, Bygdekinoen var imponert over interessen for kino i Os, seier programsjef Berit Steen.

Førre kulturhus i Os, Fjellheim, var i mange år landets best besøkte bygdekino. Oseana er mange gongar større, spesielt kjekt synes Steen det er med så godt oppmøte på den siste filmen.

Trippelkino neste gong

Oseana held fram med kino annakvar søndag framover, men seier allereie no at det blir to framsyningar av Knerten i knipe, som er barnefilmen ved neste kinodag.

– Vi kjem kanskje til å justera litt på klokkesletta, truleg slik at Cowboys & Aliens blir kjørt litt seinare, så vi får plass til to barneframsyninger neste gong, seier Steen.

Unummererte billettar

Bygdekinoen sitt billettsystem er sånn at dei ikkje blir selt på nett, billettane blir lagt ut for sal måndagen seks dagar før neste framsyning, men dei må kjøpast i Oseana.

– Vi skulle gjerne hatt det på nett, men i så fall måtte gjort det i eigen regi, på Billettservice.no, og då ville billettane blitt dyrare.

Billettane er heller ikkje nummererte, noko Oseana på sikt vil prøva å få ei endring på, men førebels gjeld det altså å koma tidleg om du vil sitja på ein bestemt plass.

Neste kinodag i Oseana er søndag 25. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.