Lokal | 04. feb. 2016

Historisk legevakt-vakt

Tre menn, to sjukepleiarar og ein lege, på same vakt på legevakten onsdag kveld var historisk.

Historisk legevakt-vakt
Morten Søfteland og Stian Skare blei historiske som dei to første mannlege sjukepleiarane på same vakt på legevakta (foto: Stein Gjøsund, Os brann, redning og legevakt)
Andris Hamretorsdag 04. feb. 2016 08:54

– En milepæl! Slik lød statusen til Os brann, beredskap og legevakt onsdag ettermiddag.

Grunnen til jubelutbruddet var at for første gong i historia var det 3 menn på vakt samstundes ved legevakten på kveldsskiftet. To sjukepleiarar og éin lege.

– Vi treng fleire menn til legevakta og fleire kvinner til brann- og redningstenesta, seier leiar for Os brann, beredskap og legevakt, Stein Gjøsund.

– Dette er eit overordna strategisk mål for oss. Vi prøver å gjera noko med kjønnsbalansen både i brannvesenet og på legevakta, men det syner seg at veldig ofte er det flest menn som søkjer til brannvesenet og flest damer som søkjer som sjukepleiarar på legevakta.

Utfordrande jobb

Gjøsund er ikkje i tvil om at dei tilsette på legevakta har ein utfordrande og fagleg spennande jobb.

– Det er ikkje berre forkjølelse og enkle saker dei møter. Det er like mykje akutte hendingar. Sjukepleiarane på legevakta rykker ofte ut saman med lege og dei andre naudetatane når det til dømes kjem melding om ei trafikkulykke.

– Det krev ein spesiell type mennskje for å takle ein jobb som dette.

Ein tilfeldigheit

At Morten Søfteland og Stian Skare hamna på same vakt som sjukepleiarar onsdag kveld var ei tilfeldigheit fortel Gjøsund.

– Med to menn av sytten sjukepleiarar skal det litt til for at vaktene klaffar, men i går skjedde det, og då måtte eg dokumentera det med eit bilete og ein status på sida vår.

– Det er eit viktig rekrutteringssignal.

Treng forskjellige spesialiteter

Gjøsund fortel at sjukepleiarane på legevakten sit på forskjellig kompetanse.

– Ta Stian som var på vakt i går kveld. Han er utdanna barnesjukepleiar. Eg fekk sjølv sjå kor viktig den kompetansen er då eg var innom huset seinare på kvelden og vi hadde eit ung pasient innom.

– Dette er noko vi prøver å vera medveten på når vi tilset nye folk. Vi prøver å få inn forskjellige spesialiteter inn for å gje eit så breitt og godt tilbod som mogleg. Ikkje minst er det viktig i høve den intern opplæringa vi driv, avsluttar Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.