Sport | 29. aug. 2020

Historisk resultat: Første 50-åring under to timar

Opptur stilte sterkt i Bergen i dag. Klas Færøvik klarte noko folk har prøvd på i årevis.

Historisk resultat: Første 50-åring under to timar
Klas Færøvik etter målgang i dagens halvmaraton i byfjella. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. aug. 2020 12:14

I dag har ei rekkje løparar og mosjonistar frå Os, ikkje minst frå Opptur Motbakkeklubb, deltatt i Styrkeprøven Rett Vest (50 km frå Gullfjellet til Kjøkkelvik) og Bergen Fjellmaraton (halvmaraton, ca 21 km frå Montana til Skansemyren).

Klas Færøvik var i dag suveren i klassen menn 50-54 år, og kom i mål 10 minutt og 5 sekund før nestemann i klassen.

Tida han kom i mål på, 1.56,07, er historisk god i forhold til aldersgruppa, Færøvik blei første mann over 50 år som kom i mål på under 2 timar.

– Eg veit at det har vore fokus på denne aldersgruppa nokre år, og mange har vore nære på, seier Klas, nøgd med både gjennomføringa og tida.

Klas fylte 50 år i mars i år, og har løpt på betre tid enn dette to gongar før. Likevel er han i år letta og ekstra nøgd.

– Eg har slite med skade, og har ikkje deltatt i løp på eit år. Men eg har halde formen nokolunde, og gjennomførte med varsam start og god kontroll gjennom heile løpet i dag. Vanlegvis har eg vore øydelagt resten av dagen etter eit løp som dette, i dag føler eg omtrent at eg kunne tatt løypa ein gong til.

Av menn uansett alder kom Klas på 26. plass av 426 deltakarar i det prestisjetunge løpet.

Det er hard konkurranse. Bergen Fjellmaraton lokkar til seg alt frå gode baneløparar til gode motbakke- og terrengløparar.

Fleire raske frå Os

Vinnar av årets Bergen Fjellmaraton blei Stian Øvergaard Aarvik. Aarvik, som du innimellom ser bak disken på Sport Norge på Amfisenteret, løper for Gneist. Han kom i mål på 1.32,20.

Anita Lilleskare var best i kvinneklassen med tida 1.52,24.

Den raskaste frå Os var Geir S. Skaten (14. plass) med tida 1.48,34.

Dei raskaste kvinnene frå Os var Kristin Lunde og Karin Hilstad frå Opptur Motbakkeklubb.

Topp 5, kvinner frå Opptur Motbakkeklubb:
15. Kristin Lunde 2.21,14
16. Karin Hilstad 2.21,33
32. Linda Fimreite Jensen 2.33,07
57. Marianne Davanger 2.49,21
79. Ragni Nordås 3.11,28

Andre raske menn frå Os var:
32. Anders Rød 1.56,35 (Tim Floster Trim & Trall)
119. Erik Johannessen 2.14,42
125. Stig Sivertsen 2.15,34 (Opptur Motbakkeklubb)
145. Richard Lunde 2.18,55
150. Øystein Risøen 2.20,04 (Opptur Motbakkeklubb)
164. Daniel Kopperud 2.21,53
170. Børge Brekke 2.22,42 (Opptur Motbakkeklubb)
180. Rolf Tysseland 2.24,05
201. Samund Nordang 2.25,57 (CK Henie)
221. Arve Frostad 2.27,49 (Opptur Motbakkeklubb)
242. Tore Sælen 2.31,52 (Opptur Motbakkeklubb)
(Turklassen) Glenn Skoglund 2.32,39 (Opptur Motbakkeklubb)
(Turklassen) Ketil Dybfest 2.33,21 (Opptur Motbakkeklubb)
254. André Aspenes 2.34,09 (Opptur Motbakkeklubb)
353. Vidar Oen 2.52,27 (Opptur Motbakkeklubb)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.